Hopp til innhold

Brann i gassflaske: Ba folk holde seg minst 300 meter unna

Brannvesenet i Florø rykte i kveld ut til ein brann i gassflaske om bord på ein lekter som ligg ved øya Rota, like ved hamnebassenget i byen. Det blei oppretta ei tryggingsssone på 300 meter.

gassbrann Florø

RYKTE UT: Brannvesenet rykte ut i båt til området ved Rota der det byrja å brenne i ei gassflaske.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Ei flaske med acetylen har starta å brenne om bord i ein av lekterane som driv med mudring i Rotavågen. Sjøfarande må halde seg godt unna, sa vaktleiar ved alarmsentralen, Kolbjørn Øvrebotten, til NRK.

Han presiserer at sjøtrafikken blei styrt utanfor den vanlege skipsleia, men sidan det var eksplosjonsfare, så måtte dei ha ei tryggingsssone.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Verøy, åtvara om å nærme seg brannstaden.

– Vi ønskjer ikkje masse båtar i det området, sa Verøy.

Klokka 20.50 melder politiet at brannen er under kontroll, og at tryggingssona rundt Rota og Rotasundet er oppheva.

Ifølgje Firdaposten brann flaska med ein flamme på om lag 10 centimeter.

Laster Twitter-innhold
vågane