Hopp til innhold

Sjå dronebilete: Nazi-bygg i Bergen brann ned til grunnen

300 personar blei evakuerte frå studentbustadar på Møllendal i Bergen onsdag morgon. Politiet ber no om tips i saka.

Brannvesenets dronebilder fra brannen i Bergen.

Brannvesenets dronebilde frå Møllendal viser brannens herjingar.

I denne saka kan du lesa om:

Onsdag morgon braut det ut brann i eit verneverdig bygg i Bergen. Det gamle betongstøyperiet frå 1940-talet brann ned til grunnen.

Studenten Erle Yrvin (20) bur i blokka nærast bygget det brann i.

– Eg vakna av at brannalarmen gjekk i bygget. Alarmen pleier ofte å gå, og ofte er det feil. Då eg såg at det var veldig oransje lys ute, skjønte eg at dette var seriøst.

Erle Yrvin

Erle Yrvin blei evakuert då det brann.

Foto: privat

Yrvin trudde først at det brann på taket til studentbustaden ho bur i.

– Eg kjappa meg ned og ut. Eg høyrde kjempehøg knitring, som eit stort bål. Det var ei veldig rar oppleving. Eg har aldri opplevd å sjå ein så stor brann før, seier ho.

Ho og dei andre evakuerte studentane stod først heilt nede ved opninga ved bygget.

– Alle hadde samla seg for å sjå på. Me var så nære at me kunne kjenna varmen frå brannen. Det var nesten som å vera i ein film, det kjentest ikkje ekte.

Brann på Møllendal i Bergen

Kraftig brann på Møllendal i Bergen.

Foto: Birk Svenning Holmestuen

50 telefonar på 20 minutt

Brannen starta i eit verneverdig bygg som Bergen kommune eig. Det var eit gamalt betongstøyperi frå 1940-talet.

Det var først opplyst at brannen starta i ein av hallane til renovasjonsselskapet Bir, men det stemmer ikkje. Bygget ligg like ved anlegget til Bir.

Nedbrent Møllendal

Bygget er heilt nedbrent.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Brannvesenet fekk den første meldinga om brannen klokka 05.35 onsdag morgon.

– Me fekk om lag 50 telefonar på 20 minutt om brannen, seier vaktkommandør Stian Kvam ved 110 Vest.

Utpå dagen var det ikkje lenger spreiingsfare, og ein del av dei evakuerte fekk gå tilbake til leilegheitene sine.

– Det er eit eldre bygg som har stått tomt dei siste åra, seier Christian Fossdal, som er eigedomssjef i Bergen kommune.

Bilete brann Møllendal Bergen
Foto: Magnus Valland / Magnus Valland
Brann i Møllendal i Bergen 3
Foto: Emma Liv Aase Grimstad / Emma Liv Aase Grimstad
Brann på Møllendal i Bergen
Foto: Birk Svenning Holmestuen
Brann på bir fra studentbolig 1
Foto: Erle Yrvin / Erle Yrvin
bilder fra brannen 1
Foto: Erle Yrvin / Erle Yrvin
Brannen sett frå Bergen containerterminal rundt klokka 05:40.
Foto: Jon Anders Hjartåker
Brann i eit bygg i Møllendalsveien i Bergen
Foto: NRK-tipsar
Brann Møllendal
Foto: Randi J. Sund
Brann Møllendal
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK
20240403_061002
Foto: Anders Nøkling / NRK

Mange studentar var tett på brannen

Erle Yrvin er ei av dei som blei evakuerte.

– Eg har kjent meg trygg heile vegen, men eg håpar at det ikkje har skjedd noko med tinga våre.

Mange studentar opplevde brannen tett på.

– Eg kvapp til. Først tenkte eg at det var nokon som hadde svidd eit rundstykke, men så såg eg at det blinka oransje og det kom svart røyk, seier Åse Teige.

– Eg tenkte at først at det var falsk alarm, for det har vore mange alarmar her før. Eg skvatt veldig til då eg såg den svarte røyken, seier Sofie Follestad.

Åse Teige og Sofie Follestad

Åse Teige og Sofie Follestad kom tett på brannen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Ingen personar skadde

Brannvesenet rykte ut med store ressursar frå fire brannstasjonar. Klokka 06.30 meldte brannvesenet kontroll på brannen.

Det er ikkje meldt om personskadar.

– Me har ingen indikasjonar på at det var nokon inne i anlegget då det byrja å brenna, seier vaktleiar Stian Kvam ved 110-sentralen.

Fleire bilar på staden har også brunne.

Utsikt til branntomt på Møllendal

Karoline Gussiås Ohr bur i bygget som ligg tettast på brannstaden. – Det ytste laget av vindauga på kjøken og soverom blei knust av brannen, seier ho.

Foto: Karoline Gussiås Ohr

Operasjonsleiar Tore André Brakstad i politiet seier at om lag 300 personar blei evakuerte.

– Fleire av desse har no fått koma heim igjen, men eitt bygg er framleis evakuert. Nokre av leilegheitene tettast på har fått knuste ruter, og det har kome inn røyk. Det må gjerast ei vurdering der før alle får koma heim, seier han.

Ved 20.30-tida onsdag var det framleis ikkje alle som hadde fått flytta heim.

Møllendalsveien mellom Solheimsviken og Møllendalsbakken var heilt stengt for trafikk.

Brann i eit bygg i Møllendalsveien i Bergen

Brannen var godt synleg i store delar av byen.

Foto: Anders Nøkling / NRK

Byantikvaren: – Veldig leitt

Bygget som brann, var verneverdig og hadde status som krigsminne. Under 2. verdskrigen bygde tyskarane på eit eksisterande sementstøyperi på staden.

Det nye bygget blei kalla «Belsen», og her blei det støypt betongelement til ubåtbunkeren «Bruno» på Laksevåg.

Byantikvaren i Bergen, Johanne Gillow, meiner det var ein viktig bygning.

Det er jo eit kulturminne som har gått tapt, og det får me aldri tilbake. Kulturminnet er ein del av vår identitet og særpreget til Bergen. Og når det forsvinn i ein brann, så er det vekke. Og då har me mista ei viktig brikke i historieforteljinga vår. Så eg synest det er veldig leitt.

Ifølgje Gillow var det planar om å gjera bygningen om til ein barnehage i samband med utbygging av området.

Teori om at bustadlause har vore i bygget

Politiet har foreløpig inga meining om kva som forårsaka brannen.

– Me er framleis veldig tidleg i etterforskinga, og per no har me alle hypotesar opne. Me har gjort innleiande undersøkingar, og vil ikkje gjera nokon fleire åstadundersøkingar før tidlegast i morgon tidleg, seier politioverbetjent Therese Sagstad til NRK.

Sagstad seier at det foreløpig er uvisst om det har vore personar i bygget.

– Det er ein teori me har at det kan vere huslause som har vore i bygget, eller hatt tilknyting til bygget, seier ho.

Politiet vil gjera fleire vitneavhøyr og sjå om det finst overvakingskamera i området.

– Viss nokon har observasjonar i tilknyting til bygget frå i går ettermiddag og fram til morgontimane i dag, ønsker politiet kontakt på telefonnummer 474 86 359, seier Sagstad.

Krigsminnet «Belsen» i Bergen

Krigsminnet «Belsen» i Bergen før det brann ned.

Foto: Byantikvaren

Hei!

Har du opplevd brannen? Send meg gjerne ei melding.