Hopp til innhold

Bøtelagt etter utforkøyring

Eit vogntog køyrde måndag utfor vegen i Erdalen utanfor Førde på riksveg 5. Sjåføren har fått ei bot på 5000 kroner.

Her hamna vogntoget utfor vegen

UTFOR VEGEN: Det polske vogntoget var på veg austover mot Førde då det hamna utfor vegen. Vogntoget skal først å ha kryssa motgåande køyrefelt før det enda på ein bø.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Det var i 14.30-tida måndag ettermiddag at eit polsk vogntoget køyrde av vegen ved Erdalen utanfor Førde.

Fekk køyreforbod

Vogntoget kryssa først motgåande køyrefelt før det hamna ute på ein bø. Til alt hell var det ingen andre bilar involvert i uhellet som heller ikkje førte til trafikale problem.

Vogntoget fekk hjelp av lokale folk med traktor til å kome seg på vegen att.

Politiet reiste til staden og kontrollerte vogntoget

- Det polske vogntoget som køyrde av vegen hadde berre fire kjettingar. Det er påbode med sju kjettingar, og politiet har gitt sjåføren køyreforbod fram til det har på plass sju kjettingar, seier operasjonsleiar Eivind Bjørke hos politiet.

Bøtelagt

Vogntoget som hamna i grøfta skal ha køyrt saman med eit anna polsk vogntog. Heller ikkje dette hadde nok kjettingar.

På bakgrunn av dette har politiet gitt dei to sjåførane kvar si bot på 5000 kroner.

Politiet vil halde vogntoga tilbake til tysdag for å sikre seg bankgarantiar og for å sikre at vogntoga får på plass nok kjettingar.

Ifølgje politiet var det glatt køyrebane på strekninga då uhellet skjedde.

Det er ikkje meldt om personskader.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.