Hopp til innhold

Brot i jordbruksforhandlingane: No er bondelagsleiaren klar til kamp

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, forsikrar at bøndene no rustar seg til aksjonar etter at brotet i landbruksforhandlingane var eit faktum no i ettermiddag.

Per Hilleren

OPPGITT: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, forstår godt at bøndene i dag braut jordbruksforhandlingane.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Det blir garantert aksjonar i ein eller anna form, Bøndene er fortvila og i harnisk. Dei er oppgitte, seier Hilleren til NRK.

Staten la i timane før forhandlingane starta nye 100 millionar på bordet, men heller ikkje det var nok for bøndene.

– For store konsekvensar

– Ein håpar jo alltid i lengste laget at ein skal kome fram til ein avtale, og det var bondelaget sitt utgangspunkt når vi gjekk i forhandlingar. Men det er klart at vi såg viljen som staten la til grunn då dei presenterte tilbodet sitt til oss, så visste vi at dette vart krevjande, meiner Hilleren.

Han meiner at konsekvensane for norsk landbruk å gå inn var for store til at bondeorganisasjonane kunne sitje med ansvaret.

– Politikken til regjeringa vil over nokre føre til ei sentralisering inn imot dei store kornareala i Trøndelag og på Austlandet. For kornbonden vil det løne seg å produsere mjølk. Då flyttar ein kornproduksjonen frå distriktet. Norge blir ikkje så sjølvforsynt på korn som dei har vore hittil, meiner Hilleren.

Jan-Ove Flaten

KLAR TIL KAMP: Jan Ove Flaten frå Eikås i Jølster er klar til kamp no etter brotet i jordbruksforhandlingane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Aktivistane er klare til kamp

Bondeaktivist Jan Ove Flaten er ikkje overraska over at det i dag blei brot i forhandlingane mellom partane i jordbruksoppgjeret. Han og andre bønder forsikrar at dei no er klare til kamp.

– No er det ikkje lenger by og land, hand i hand, no er det by og land, mann mot mann, seier Flaten til NRK nokre minutt etter at nyheita sprakk tysdag ettermiddag.

Bondeorganisasjonane og staten står langt frå kvarandre i krav og tilbod og under ein pressekonferanse no klokka 14.30, stadfesta forhandlingsleiarane at brotet var eit faktum.

Flaten ikkje overraska

Det har vore stor avstand mellom partane, etter at Staten tilbaud bøndene 150 millioner kroner ekstra neste år. Det er 1350 millioner kroner mindre enn bøndene sine krav.

– Eg er ikkje overraska, men samstundes må vi jo no også vere klar over at samtalen no også er over. Det er jo i seg sjølv ein risikosport, seier Flaten, som mange gonger har markert seg som ein av dei sterkaste forkjemparane for vestlandslandbruket.

– Viktig kamp

Mellom anna med å la bondelaget henge opp store banner på driftsbygningen sin, samt at han har plassert rundballar med klare bodskap ut mot E39.

– Eg har stilt min eigedom til disposisjon for klare bodskap ut mot gjennomfartsåra gjennom Sogn og Fjordane. Det er ein viktig kamp for norsk landbruk, seier Flaten til NRK.

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet spådde alt for fleire dagar sidan at det ville bli eit raskt brot i forhandlingane.

– Men samtidig ser eg at Bondelaget har opptredd meir som ein politisk aktør sidan regjeringsskiftet, enn ein aktør som jobbar for bøndene sine interesser, seier Djuvik.