Hopp til innhold

Bompengar er aktuelt - igjen

Debatten om bompengefinansiering i Førde er oppe på nytt. Banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane vil ha bompengar på vegane inn til Førde.

Ny bomveg i Førde?

BOMVEG: Ein ny veg på baksida av Hafstadfjellet er eit alternativ som blir diskutert.

Arvid Andenæs

POSITIV: Banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Pressefoto / Sparebanken SOF
Atle Hamar

POSITIV: Direktør Atle Hamar i Lotteritilsynet.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX
Nils Gjerland

POSITIV: Ordførar Nils Gjerland.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Jorunn Eide Kirketeig

POSITIV: Jorunn Eide Kirketeig, gruppeleiar i Ap.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

I dag er det 3000 pendlarar som brukar bilen kvar dag for å komme seg til Førde på jobb. Skal desse vegane bli betre er den beste løysinga bompengeinnkrevjing, meiner Andenæs.

– Bompengefinansiering er ei mogleigheit for å få fart på infrastruktur og vegutbygging i Sogn og Fjordane. Eg trur vi skal nytte oss av denne moglegheita, og eg trur dette er noko vi har råd til, seier Andenæs.

Meiner vegen er altfor dårleg

Det er vel inga overrasking av mange av vegane våre i Sogn og Fjordane treng utbetringar i millionklassen. Men Stortinget og regjeringa har ikkje meir pengar å dele ut enn det dei allereie har lova gjennom samferdslebudsjettet. Dermed må andre alternativ takast i bruk; bompengar kan vere ei løysing.

– Alternativet er å vente 30-40 år, men det trur eg ikkje fleirtalet vil. Eg trur folk vil ha betre vegar i løpet av dei ti neste åra, seier direktør Atle Hamar i Lotteritilsynet som har hovudkontor i Førde.

Han fryktar ikkje at ei betalingsavgift for å komme til Førde vil svekkje næringslivet.

– Eg trur det er viktig for næringslivet og for mobiliteten i arbeidsmarknaden. Men det er også viktig for tryggleiken å få betre vegar, seier Hamar.

Atle Hamar er sjølv pendlar, og set seg i bilen kvar morgon i Jølster. Han betalar lett ei bompengeavgift for at E39 skal bli betre.

– Vegen er så dårleg fleire stader, at vi treng ein ny veg, seier Hamar.

Atle Hamar meiner det har gått tregt med arbeidet med å utbetre vegane. Med bompengefinansiering trur han at E39 vil kunne vere i god stand om ein tiårs tid

Fleire er for bompengar

Ein bompengering i Førde er heller ikkje utenkeleg for Senterparti-ordførar Nils Gjerland i Førde.

– Enten må vi vente og ha det slik som i dag, eller så må vi tåle å få betre trafikkløysingar gjennom bompengar. Det første er eit dårleg alternativ, seier Gjerland til NRK.no.

Høgre held på å formulere sine setningar om kva dei meiner om bompengefinansiering. Bystyrerepresentant Eva Marie Halvorsen (H) trur det vil gå mot klingande mynt i bompengekassa i framtid.

– Dette er noko ein betalar tilbake til seg sjølv, seier Halvorsen.

Video Bompengar i Førde

VIDEO: Usemje om bompengering

– Det hastar

Ifølgje Statens vegvesen er det ikkje særleg utfordrande å setje opp bommar. Dermed kan det kome bompengefinansiering om det er politisk vilje for det.

– Bompengar kan vere løysinga for å få fortgang i arbeidet med ei ny løysing på E39 i Førde, seier Jorunn Eide Kirketeig, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Førde bystyre.

Eide Kirketeig meiner det hastar å få til betre vegløysingar for å sikre vidare vekst i næringslivet i byen. Ho understrekar at pariet har ikkje konkludert for eller imot bompengar.