Hopp til innhold

Bom stogg i Jølster

Alle airbagar vart utløyst og sjåføren sendt til legevakt etter smell i hovudet. Politiet har kverrsett førarkortet.

I grøfta ved Eikås i Jølster
Foto: Privat

Rundt klokka 16 onsdag ettermiddag rykka naudetatane ut til eit trafikkuhell ved Eikås i Jølster.

Ein bil hadde køyrt i grøfta på E39 og fekk så pass bråstogg at alle airbagane vart løyst ut.

Det var ein mann åleine i bilen då uhellet skjedde. Han skal ha fått eit smell i hovudet og vart køyrt til legevakt, ifølge kjelde på staden.

Politiet melde følgande på Twitter klokka 16.16:

Laster Twitter-innhold

Politiet følgde opp klokka 16.33:

Laster Twitter-innhold

Politiet var på Twitter igjen seinare på kvelden:

Laster Twitter-innhold