Hopp til innhold

Bolseth: - Virkar ganske umogleg

Det var ein utslått Rune Bolseth som etter Aalesund-kampen møtte pressa.

Rune Bolseth med ballen.

Rune Bolseth scora Sogndal sitt einaste mål mot Aalesunds FK.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kapteinen frå Sandane sette inn Sogndal sitt einaste mål då han like etter kvilen utlikna til 1-1.

- Vi klarer ikkje å komme opp på det nivået vi har vore i haust. Vi taper mot eit betre lag, oppsummerer han.

Bolseth meiner Sogndal er for dårlege i mange fasar av spelet mot eit effektivt AaFK.

- Vi slurvar for mykje i pasningspelet og taper fleire duellar enn dei, seier han og vedgår at det etter 1-4 blir frykteleg vanskeleg å reise kjerringa i bortekampen førstkommande onsdag.

- Det virkar ganske umogleg. Vi må berre pøse på frå start og håpe på to kjappe mål. Då kan det bli litt spennande. I dag trur eg ikkje noko særleg på det, men når den verste skuffelsen har lagt seg så får vi sjå fram til onsdag og gjere eit godt forsøk, seier han.

Under kampen vart AaFK-trenar Kjetil Rekdal skjelt ut og kasta pappbeger på . Dette orsaka Sogndal etter kampen . Vedkommande som kasta begeret vart vist vekk frå Fosshaugane.