Hopp til innhold

Bolseth framleis hotellgjest

Rune Bolseth har funne seg godt til rette i Hønefoss-drakta.

Rune Bolseth

Rune Bolseth frå tida i Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Men over to månadar etter at han vart klar for eliteserieklubben , har den tidlegare Sogndal-strategen framleis ikkje sjekka ut av hotellrommet.

- Det er litt stusseleg. Men flyttar snart inn i hus, så då blir det bra, seier han.

- Svolten gjeng

Glopparen har funne seg godt til rette som nyopprykka Hønefoss sin nye midtbanegeneral. Sjølv er han spent før årets sesong.

- Det er ein heilt ny klubb på dette nivået. Det er ein veldig svolten gjeng som er sugen på å vise seg fram. Vi har ein bra stall og ein del på sidelinja med høg kvalitet så eg trur vi skal bite godt i frå oss, seier han.

- Bra kontroll

Tysdag vart det 0-1 for Brann i treningskampen i Vestlandshallen. Men både spelarane og apparatet rundt er nøgde med innsatsen.

- Vi fekk køyrt oss ein periode i slutten av 1. omgang. Då var det bra kvalitet over spelet til Brann. Elles tykkjer eg vi har bra kontroll, seier han.