Hopp til innhold

Bod til bry

Ein søskenflokk i Fitjar kjenner seg urettsmessig uthengt som kriminelle.

Karsten og Gullaug foran boden

Karsten og Gullaug Nygård er oppgitte over hovudbryet boden har skapt.

Foto: Marion Solheim

– No har me prøvd å gå gjennom eit heilt liv, til me vart pensjonistar, utan å komma i lovas lange arm. Og så skal ein hamne der heilt ufrivilleg etter ein er vorte pensjonist. Eg tykkjer det er veldig sårt.

Han har helde sin sti rein til no, snart 70 år gamle Karsten Nygård frå Stord. Men etter at kommunen politimelde han og dei fem søskena hans for brot på strandsonereglane, er mykje endra.

– Det er klart det ligg og gneg og gnikkar det at ein har gjort noko ulovleg på pensjonistdagane, seier han.

Dyr flatpakke

Skuret som gjorde søskenflokken til lovbrytarar står på Avløypet vest for Ivarsøy i Fitjar. Eigedommen har vore i familien i fem generasjonar, og her står fleire hytter.

Den eldste systera vart rysta då det viste seg at reiskapsboda ho hadde kjøpt flatpakka på samverkelaget var ulovleg å setje opp. Heile søskenflokken står som grunneigarar og vart meldt til politiet.

Boda, som husar hagereiskap og småsaker vart dyrkjøpt. Den kosta 12 000 kroner. Men bota frå politiet var på 35 000 kroner. Alt kom utan forvarsel og sjanse til å ta den ned

– Det er ikkje den samme kosen å reise ut der som det var før, seier 62 år gamle Gullaug Møgster, yngst i søskenflokken. Ho fortel at eldstesystera har mista all lyst til å reise til staden. Saka er for tung å bære.

Bod i strandsona, Fitjar

Her ligg skuret som vart dyrt for syskenflokken.

Foto: Marion Solheim

– Ikkje i forhold

Søskena vil ikkje vera stempla som kriminelle. No endar saka i Gulating lagmannsrett i slutten av august. Advokaten deira, Kjell Natvik, tykkjer dette er å skyte sporv med kanon

– Eg meinar at reaksjonen absolutt ikkje står i forhold til det min klient her har gjort. Eg meinar òg eg har støtte i lova og i lovforarbeidet for å hevde at dette ikkje er straffbart.

Karsten Nygård tykkjer måten kommunen har gått fram på ikkje held mål.

– I staden kunne dei kalla oss inn til kommunen til eit møte for å komme i dialog? Nei, dei berre ringjer og seier at du er politimeld, seier han oppgitt.

Ville statuera eit eksempel

Det var kommunen som politimelde forholda, og ordførar i Fitjar, Harald Rydland, forklarar kvifor dei ikkje heller ba søskena om å rive.

– Me vurderte det. Det er jo to måtar me som kommune kan ordne opp i dette. Anten som ei vanleg forvaltningssak i kommunen, eller ved å melde det til politiet så dei kan finne ut om det er gjort noko ulovleg eller ikkje. Og for dette forholdet her, vart det så omfattande at me valde å melde til politiet. Politiet har jo sjølv bede om å få nokre fleire slike saker for å statuere eit eksempel, seier han.