Hopp til innhold

Bø tok sitt tredje NM-gull

Stryningen Tarjei Bø tok sitt tredje strake NM-gull då han vann jaktstarten i skiskyting laurdag.

Video Se den vanvittige avslutningen til Tarjei Bø

VIDEO: Sjå den fantastiske sisteskytinga til Tarjei Bø her.

Med startnummer éin hadde han full kontroll, men det blei likevel ein bom på kvar av dei første tre skytingane. På siste ståande skaut han feilfritt.

– Eg tenkte på kongen på den nest siste runden. Vi åt middag i går, og då lova eg å gi ham tommelen opp på veg ut frå siste skyting om eg hadde tid, seier Bø til NRK.

Tommelen opp for kongen

Han leverte ein fantastisk ståande serie, 17 sekund brukte han på den feilfrie skytinga.

Og han heldt løftet sitt. På veg ut frå skytinga, til stor jubel frå ei fullsett tribune, blei det tommelen opp mot losjen der kongen sat.

Fredag vann Bø NM-sprinten og tok dermed sin første kongepokal. Den fekk han av tildelt av kong Harald. Og sjølv om det er seint på sesongen, så følte han seg pigg i dag.

– Middagen med kongen ga meg motivasjonen eg trengde, fortel han.

Veslebror på 9. plass

Alexander Os tok tredjeplassen og bronsen gjekk til Emil Hegle Svendsen. Broren Johannes Thingnes Bø tok i går 6. plassen og starta 1. 21 bak storebroren i dag.

Under dagens løp fekk han ein bom på første liggjande og skaut feilfritt på 2. liggjande. På dei ståande skytingane blei det tre og to bom. Dermed fekk han totalt seks strafferundar. Han enda til slutt på ein niande plass, 2,42 minutt bak broren.

Ann Kristin Aafedt Flatland stilte ikkje til start under dagens jaktstart for kvinner. Årets norgesmeisterskap i skiskyting blir arrangert i Målselv. I morgon er det stafett som står på programmet.

Kongen deler ut kongepokal til Tarjei Bø

KONGEPOKAL: Skiskyttarkongen frå pokalen av kong Harald.

Foto: Nils Mehren