Hopp til innhold

Blodsugar øydelegg for Gulatinget

Tusenårsstaden på Gulatinget i Eivindvik har fått konkurranse frå ein blodsugande skapning som jagar vekk besøkjande.

Gulatinget på Flolid i Gulen

Ein liten blodsugande skapning fører til svært dårleg omtale for den gamle tingstaden i Gulen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Om det er knott folk assosierer staden med har vi eit problem, seier prosjektleiar for tusenårsstaden i Gulatinget, Anne Karin Misje.

Stempla som knotteldorado

Gulatinget

Mellomaldermennene la møta sine til våren på tusenårsstaden. Kanskje fordi dei visste at det var ei dårleg tid for knotten?

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ho er lei av at den gamle tingstaden i Gulen blir stempla som eit eldorado for knotten. Men at det skal vere ekstra mange blodsugande skapningar på tusenårsstaden, det har mange høyrt om.

Folk på gata kjenner godt til at knotten herjar på staden, og fleire fortel om at dei har hatt opplevingar der knotten har teke overtaket.

Misje set svært liten pris på at folk tenkjer på knott i same tanke som staden.

Mindre knott enn før

- For det er mykje mindre knott der no enn tidlegare.

- Er du sikker på det?

- Ja, eg er der ganske ofte så det trur eg at eg kan garantere, seier Misje.

I 2004 vart det bestemt at dei skulle ta opp kampen mot den vesle svarte skapningen. Ein svensk myggforskar vart hyra inn for å sjå på forholda, og prisen han skulle ha for fellene, 700 tusen kroner, må rett og slett kallast ein blodpris.

Dei tolv knottfellene som til slutt vart kjøpte inn frå ein lokal forhandlar Hyllestad og kosta mellom 6 og 12 tusen kroner. Men Misje er like glad for at reklame for knottfeller og Gulatinget går hand i hand.

Ein million for å fjerne dyret

Gulatinget.

- Målet er at folk skal tenkje kulturakvititetar når dei tenkjer på staden, seier prosjektleiar for tusenårsstaden Anne Karin Misje.

Foto: Svein Ove Hansli / NRK

- Knotten likar å leggje egg i våt mark. Så vi må kvitte oss med vatnet. Då vil det ikkje vere like attraktivt for den å leggje egg der heller.

Prosjektleiaren håpar at folk etter kvart skal slutte å bekymre seg for knotten på tusenårsstaden.

Ikkje minst fordi kommunen, med god hjelp av spelemidlar og nærinsstøtte har invistert i underkant av 1 million kroner for å fjerne myr og vatn, fylt på med tonnevis av kalk og laga flotte plenar der det før var våt mark. Altså buforhold som knotten ikkje set like stor pris på.

- Det er ein kulturstad

- Eg vil at folk skal tenkje på kulturaktivitetar når dei tenkjer på Gulatinget. Det er målet. Og då må vi leggje til rette for at det skjer, seier prosjektleiaren.

- Kva er ditt forhold til knott sjølv?

- Eg likar den ikkje. Det gjer eg ikkje, det kan eg seie.

Tidleg vår er beste tida

Reidar Mehl

Reidar Mehl

Foto: Trond Vestre / NRK

Men det store spørsmålet er jo kvifor mellomaldermennene la tinget sitt til denne staden der det er så mykje knott.

- Ja, det lurte eg også på, seier insektsforskar Reidar Mehl.

Og han trur han har funne svaret.

- Tinget vart halde tidleg på våren før knottsesongen sette u gong. Kanskje dei visste at det var lite knottplager på den tida av året, undrar Mehl.