Av:
Eldgrim Fossheim
Helse Førde har ikkje ressursar til å drive blodbanken, skriv Ytre Sogn.
Leiar for blodbanken i Førde, Tove Irene Bjørnset, seier dei andre blodbankane i fylket dekker behovet.
Alternativt tilbod
Helse Førde vil likevel vurdere eit tilbod til dei kring 200 blodgjevarane dei har i Høyanger. Det kan til dømes vere aktuelt å opprette enkelte blodgjevardagar i Høyanger, seier Bjørnset.