Hopp til innhold

Blod, gørr og kjønnsorgan

Det er noko av det du kan vente deg om du skal vere med på premiera til den mest kontroversielle oppsetjinga på festspela.

Vildanden
Foto: Anette Berentsen / NRK

Det er Vinge og Müller si tolking av Villanden som får denne karakteristikken. Den kritikarroste duoen har laga ein minst fem timar lang versjon av eit av Ibsen sine mest kjende stykker.

Ei direkte tolking

I ei av scenene ser me Hjalmar Ekdal naken frå livet og ned. I fanget har har han ei høne. Andleta til alle skodespelarane er skjulte bak gummimasker.

- Det er jo realisme. Alt Ibsen har skrive tek me veldig bokstavleg, seier Ida Müller.

- Me jobbar veldig direkte med symbolikken og metaforane, utdjupar Vegard Vinge.

I ei anna scene ser me ei kvinne som tilsynelatande stikk ein kniv om att og om att i ein mannskropp. Blodet flyt og innvolane, som eigentleg er pølser og bacon, tyt utover magen hans.

Kjende for å provosere

Vegard Vinge og Ida Müller er kjende for å provosere. Då dei i 2007 satt opp "Gengangere" vart stykket mellom anna omtala som "ei apokalypse i blod og bæsj".

Vegard Vinge og Ida Müller

Ida Müller og Vegard Vinge.

Foto: Anette Berentsen / NRK

- Ein må definere kva som er provoserande. Er "Les Misèrables" noko mindre provoserande, spør Vinge seg.

- Me lagar berre bileta. Tilskodarane ladar bileta med sine eigne kjensler, assosiasjonar og referansar. Difor er det opp til kvar enkelt i publikum å bestemme kva som er provoserande, forsett Müller.

Oppsetjingane til Vinge og Muller har vekka både avsky og begeistring, og i fjor fekk duoen kritikarprisen.

Nøgd festspeldirektør

Festspeldirektør Per Boye Hansen likar det han ser. Han trur folk, trass i den nye tolkinga, vil kjenne att både tematikken og innhaldet i stykket.

- Eg tykkjer det er veldig spanande. Fantastisk estetikk og heilt nydeleg scenografi, skryt Hansen.