Hopp til innhold

Bli med på kortfilmkonkurranse

Den årvisse Sogndal Filmfestival er like rundt hjørnet. Send inn din beste kortfilm og du kan vinne fine premiar.

Sogndal filmfestival

FESTIVALGJENGEN: Desse elevane ønskjer at du sender inn din kortfilm til konkurransen.

Foto: Oskar Andersen

Det er tredje klasse ved medium og kommunikasjon i Sogndal som arrangerer festivalen som går av stabelen 14.-15. mars.

No oppmodar dei ungdommar og filminteresserte til å sende inn bidrag til kortfilmfestivalen

Fine premiar

Prisane blir delte under ein gallakveld, der katogoriane er dokumentar, reklame, animasjon og fiksjon. I tillegg blir det delt ut ein publikumspris og ein fagjurypris.

Kortfilmane blir lagde ut på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane og folk kan stemme på den dei likar best. Premien frå NRK er eit kamera til ein verdi av 8000 kroner og går til den filmen som vinn Publikumsprisen.

I dei andre klassane blir det pengepremiar, med 3000 kroner til den som vinn fagjuryprisen.

Filmgallaen blir sendt direkte i nett-TV tysdag 15. mars.

Vil løfte fram filmtalent

Roy Raasholm Fauske

VIL VISE TALENT: Redaksjonssjef Roy Raashom Fauske seier det finns mange filmtalent i fylket.

Foto: Rune Fossum / NRK

Redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Roy Raasholm Fauske, seier det er viktig å vere med på ein slik festival for å løfte fram det lokale filmiljøet og flinke talent.

– Vi ser at det er eit filmmiljø og at Sogn og Fjordane har mange flinke filmskaparar. Vi håper at vi kan bidra til at dei blir oppdaga og får vist filmane sine.

NRK har i fleire år samarbeidd med Qfilm-festivalen på Sandane.

– Vi er sikre på at vi får til det same i Sogndal.

Håper på mange filmar

Filmfestivalsjef Ida Blaaflat Brevik seier at dei er i rute før det brakar laust.

– Det går veldig bra og heile klassen står på.

No håper ho at alle filminteresserte sender inn kortfilmane sine. I fjor fekk dei 40, og Blaaflat Brevik håper og trur at dei får fleire i år.

– Vi ønskjer fleire frå ungdomsskulane, for vi veit at det blir laga film også der.

Kino og føredrag

Ho lovar raud løpar og juice i champagneglas denne gallekvelden. I tillegg er det mykje anna spennande som skjer dei to dagane i mars.

– Vi skal vise kinofilmar som mellom anna Troljegeren. Det blir også føredrag, og vi får besøk av regissøren André Øvredal Daniel Volle som er filmprodusent og gründer av VolleFilms. Det kjem også ein person til, med det namnet skal vi sleppe seinare i veka.