Hopp til innhold

Bli med å gå ein verdsrekord

Det er éi lengde det vert snakka om i Hornindal i dag: 251,5 meter.

Frå lada til skiltet er lengda på verdsrekorden

251,5 METER: Langs fylkesveg 60 i Hornindal er verdsrekorden målt opp, frå garden til far til Anders Fannemel.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fanklubben til Anders Fannemel kom heim att til bygda i 03-tida i natt. Likevel var dei alt i 10-tida i dag på plass i Grodås sentrum.

Klare til å måle opp den nye verdsrekorden gjennom hovudgata.

– Dette er noko nytt i hoppsporten

Gamletrenaren til Anders Fannemel klarte knapt å stå på beina etter rekordhoppet. Når NRK møter han og Idar Nygård er pulsen framleis høg.

– 251,5 meter. Det er over ein kvart kilometer. Det er noko nytt innan hoppsporten, seier ein noko hås Stig Seljeset.

I dag kan alle som køyrer gjennom Grodås oppleve kor langt 251,5 meter faktisk er. Nygård og Seljeset har målt opp og sett opp det norske flagg i kvar ende av gata. Det er nesten så hovudgata ikkje strekker til. Så langt er rekordhoppet.

Rekordhoppet til Anders Fannemel er no målt opp gjennom Grodås sentrum av Idar Nygård og Stig Seljeset.

251,5 METER: Er Grodås sentrum langt nok til å klare verdsrekorden i skiflyging?

Går ikkje glipp av eit einaste hopp

Lenger inn i dalen, der fylkesveg 60 snor seg mot grensa til Møre, møter NRK Atle Tomasgard.

Eit nytt skilt måtte opp, ved barndomsheimen til Fannemel, etter nytt rekordhopp.

NY REKORD, NYTT SKILT: Atle Tomasgard felte ei tåre når sambygdingen sette ny verdsrekord i skiflyging. Foto/Redigering: Silje Guddal

Etter rekordhoppet i går, var han snøgg med å spikre opp eit nytt skilt langs vegen. Han var så sikker på rekord at tala 25 alt var måla på skiltet før rennet starta i Vikersund i går. Etter hoppet til sambygdingen kunne han legge til tala 1,5.

– Det er fantastisk, eg er kjempestolt. Anders er ein tøffing, seier Tomasgard.

Han går aldri glipp av eit hopprenn, i alle fall ikkje eit der Anders Fannemel deltek.

– Det kom nokre tårer i går, vedgår Tomasgard.

Det starta i Holmenkollen

Like ved skiltet av Fannemel 251,5 er avkøyrsla til garden til Ola Rasmus Fannemel, far til Anders. Også han var i Vikersund og opplevde rekordhoppet til sonen.

Ola Rasmus Fannemel, far til Anders Fannemel, fortel om rekordhoppet.

STOLT: Ola Rasmus Fannemel er stolt pappa til ein verdsrekordhaldar. Foto/Redigering: Silje Guddal

Til NRK fortel han mellom anna kva Anders sa første gong han stod på toppen av Holmenkollen i 2004.

– Han gjekk ut på kanten og sa; her skal eg hoppe ein dag. Slik starta det, huskar Ola Fannemel.

Høyr Ola Fannemel fortelje om første gong sonen besøkte Holmenkollen i 2004.