Hopp til innhold

Bjørnen på ferde igjen

Nok ein gong er det funne ein sau som er drepen av bjørn. Denne gangen har bjørnen vore på ferde i Jostedalen i Luster.

Sau drepen av bjørn
Foto: Einar Fortun, Statens Naturoppsyn

Kadaveret vart funne i Krundalen, ein sidedal til Jostedalen. Fjelloppsynsmann Einar Fortun var inne og såg på kadaveret fredag kveld.

Sauen oppriven

- Sauen er drepen på same måte som dei seks sauekadavera vi har funne i Fjærland tidlegare. Slik kadaveret ser ut tyder alt på at det er bjørnen som står bak. Sauen var stygt oppriven både framme og bak, og han hadde ete det som var av feitt på dyret.

Ifølgje Fortun er sauen drepen anten tysdag eller onsdag.

- Bonden har sendt over 200 sauer på beite, og laurdag er han ute å ser etter eventuelle nye kadaver. Men det er tett med skog, og difor eit vanskeleg terreng å leite i, seier Fortun.

Kan vere på veg vekk

I pinsa vart det konstatert at det var bjørn i fylket for første gang på 50 år. Bjørnen har tidlegare drepe seks sauer i Fjærland og to i Gaular. I tillegg er det gjort fleire observasjonar av bamsen i Jølster og Førde. Fortun seier bjørnen no kan vere på veg vekk frå fylket.

- Det er sjølvsagt for tidleg å seie noko om det, men det viser at han har gått lenger aust i fylket. Bjørnen held seg truleg i fjellomårda rundt Sjåk til vanleg, og no nærmar jo han seg dette området, seier Fortun.