Hopp til innhold

Luster-bjørnen er ute av hiet

Det store dyret har dei siste dagane slått i hel ein hjort ikkje langt frå bresenteret i Luster.

Bjørnespor i Luster

SPOR: Dette sporet stammar frå den store bjørnen som har vore i hi i Luster.

Foto: Statens naturoppsyn

Måndag kveld var rovviltkontakt Einar Fortun i Statens naturoppsyn på staden og slo fast at bamsen som låg i hi i Luster, no er ute og på jakt etter mat.

Bjørnen har vore ned til hjortekadaveret seinast natt til i går. Det er ferske spor i området, og bjørnen mellom anna vore nær eit hus på Fåberg.

– Trudde han skulle sove ein månad til

Ifølgje Fortun er det ikkje overraskande at ein bjørn har overvintra i Luster. Observasjonar i fjor haust tyda på det, men Fortun er overraska over at han alt no er ute av hiet.

– Eg trudde han skulle sove ein månad til. Eg veit ikkje kvifor han er oppe allereie no. Han har i alle fall kome seg ut av hiet, og har drepe ein hjort. Han har fått bra med mat sidan han har drepe og spist opp ein heil bukk, seier Fortun til NRK.

Sankelaga i Luster har alt søkt om fellingsløyve for denne bjørnen for å vere føre var med tanke på beitesesongen, men direktoratet har sagt nei.

Kadaver

DREPT: Bjørnen har drept og spis ein hjortebukk.

Foto: Statens naturoppsyn

Må ikkje provoserast

Rovviltkontakt Rein Arne Golf seier dei no er interessert i å finne ut kvar bjørnen vandrar, og ber om observasjonar.

– Vi er heilt avhengige av folk sine observasjonar. Vi vil registrere kor han oppheld seg, seier Golf.

Han trur bjørnen er klar for ny jakt på mat og make. Bjørnen bør ikkje provoserast, meiner Golf:

– Han er sårbar, og bør ha fred og ro, seier Golf.

Og bjørnespora vart seint i går kveld observert ved Fåbergstølane, og rovviltkontakt Einar Fortun meiner bjørnen ser ut til å vere på veg tilbake til Skjåk der han kom frå i fjor haust.