Hopp til innhold

Bjørn observert i Hyen

Statens Naturoppsyn har fått melding om observasjon av ein bjørn mellom Eikefjord og Hyen.

Det stadfestar regionansvarleg for rovvilt i Sogn og Fjordane, Rein-Arne Golf, til Firda Tidend.

- Det har ikkje vore aktuelt for oss å reise ut for å sjå etter spor. Den var observert på fast mark. Å leite etter hår frå ein bjørn, er som nåla i høystakken. Det viktigaste er at folk melder i frå om observasjonar, seier Golf til NRK.

Streifdyr

Observasjonen vart gjort av nokre sportsfiskarar ved Krokstadvatnet mellom Hyen og Eikefjord tysdag kveld. Golf oppmodar folk om å rapportere eventuelle funn av kadaver, spor eller ekskrement som kan stamme frå bjørn.

For to-tre år sidan vart det gjort liknande observasjonar i Solheimsdalen. Dersom det er ein bjørn, meiner Golf det er tale om eit streifdyr.

- Dersom det er bjørn i området, så vil det dukke opp spor. Men det vil vise seg, seier Golf til NRK.

NRK anbefaler