Hopp til innhold

Bilen forsvann midt i fotografering

Den nederlandske turisten skulle berre ta nokre bilete då det som ikkje skulle skje skjedde. Då han snudde seg igjen var bilen borte vekk, det same var hunden som var reisefølgje til mannen.

Campingbil rasa utfor skråning i Vik

IKKJE STOLEN LIKEVEL: Eigaren av bilen var sikker på at bilen var stolen, men i staden låg den nede i ei skråning.

Foto: Privat

Politiet vart rundt klokka 12.30 måndag oppringt av den svært så ulukkelege nederlandske campingturisten. Mannen hadde stogga i området ved Storesvingen i oppstiginga frå Vik, og var ute for å fotografere.

Men då han snudde seg igjen var bilen borte vekk. Det same var hunden og alle verdisakene hans.

Campingbil forsvann under fotografering

TRILLA LANGT: Bilen skal ha trilla rundt 75 meter før den for utfor skråningen. Bilen stod parkert ved kafèen (det raude huset) i Storesvingen.

Foto: Privat

– Vi vart oppringt av ein nederlandsk turist som kunne fortelje at campingbilen hans, alle verdisakene og til og med hunden hans var stolen, fortel operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ikkje stolen likevel...

Ein patrulje reiste til staden for å hjelpe den fortvila turisten. Då dei kom fram kunne dei konstatere at det slett ikkje var snakk om noko tjuveri.

– Det viste seg at bilen hadde rulla utfor ei skråning og låg heilt på vippen nedanfor noko som heiter Storesvingen i Vik, seier Stokkereit.

Den nederlandske mannen skal sjølv ikkje ha oppdaga bilen i skråninga, før politiet gjorde han merksam på det.

Korleis det heile har gått seg til veit ikkje politiet enno. Men som dei skriv på loggen:

Det er usikkert om han hadde gløymt handbrekken eller om hunden hadde teke seg ein køyretur på eigenlabb

Politiet sin logg

Berga hunden

Politimannen som tok seg ned til bilen klarte å få ut hunden, men bilen låg så vanskeleg til at det er umogleg å finne ut noko meir om årsaka før ein har fått sikra bilen, opplyser Stokkereit rundt klokka 13.30.

– Bileigaren er fortvila, han får jo truleg øydelagt ferien sin, seier Stokkereit som seier det ikkje er heilt klart om bilen går an å reparere eller ikkje.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.