Hopp til innhold

Bilbrann i Bømlafjordtunnelen: – Dette kunne gått frykteleg gale

Trailersjåfør Bjørn Erik Ovesen måtte tenke fort då bilen med campingvogn framfor han tok til å brenne i Bømlafjordtunnelen i dag.

Bilbrann

BILBRANN: Ein snartenkt lastebilsjåfør sørga for at det ikkje gjekk gale då denne bilen tok til å brenne i Bømlafjordtunnelen i dag.

Foto: Privat

Det var like før klokka 15.30 at meldinga frå politiet om brann i Bømlafjordtunnelen kom. I bilen sat ein familie på fire.

– Eg kom køyrande inn i tunnelen frå Bømlo, og det hadde samla seg opp ein del trafikk sidan Bømlabrua var stengt. Eg såg kjapt at trafikken gjekk seint, og tenkte at det sikkert var eit tungt lasta vogntog, fortel han.

Inne i tunnelen tok han igjen ei campingvogn. Han reagerte på køyringa, og fortel at høgste fart var 27 kilometer i timen.

– Personbilane køyrde berre forbi på venstresida, men det kunne ikkje eg med vogntog gjere. Eg la meg litt ut for å prøve å sjå, og såg at det var ein personbil som drog vogna.

Plutseleg velta det røyk ut av bilen.

Måtte halde hovudet kaldt

– Eg ser at campingvogna blinkar, og så stansar den. Eg køyrde så tett inntil den eg kunne og sette på mine varslingslys, fortel han.

Vidare gjekk han ut av bilen og fram på sida for å spørje om sjåføren klarte å få bilen i gong og ut av tunnelen.

– Då fekk eg eit kontant nei. Eg heiv meg rundt og fekk tak i vegtrafikksentralen gjennom ein naudtelefon. På grunn av plasseringa vår i tunnelen såg dei oss på kamera.

I det Ovesen legg på høyrer han at bilalarmen går av. Han opnar bildøra, og ut veltar det røyk.

– Eg varslar igjen om situasjonen til sentralen. På dette tidspunktet er alle fire ute av bilen, men ute av stand til å gjere noko.

Ovesen tek to pulverapparat og prøvar å sløkke flammane som no står ut av panseret.

– Vi tømmer to apparat og ser at vi ikkje har nok sløkkemiddel. Eg gir beskjed til sentralen om at flammane står ut av bilen, seier han.

Bilbrann

KONTROLL: Frå lastebilsjåfør Bjørn Erik Ovesen varsla om brannen tok det om lag 15 minutt før naudetatane var på plass. Då hadde dei klart å få sløkt flammane.

Fekk sløkt flammane sjølve

Ovesen spring til neste skap i tunnelen og hentar to nye brannsløkkingsapparat.

– Vi tømmer det tredje apparatet i motorrommet og får sløkt flammane, fortel han.

Han trur naudetatane var på staden om lag 15 minutt etter at han varsla. Då brukte dei mykje vatn på bilen og skumma den.

På telefon til NRK beskriv Ovesen situasjonen som kritisk. Etter brannen set dei tre passasjerane seg inn i lastebilen hans, kor dei blir sittande i om lag ein time.

– Eg har sjølv stått havarert i ein tunnel og veit kor skummelt det er. Heldigvis gjekk det bra denne gongen, men det kunne gått frykteleg mykje verre, seier han.

Ovesen fortel at han etter å ha sett filmen Tunnelen har gjort seg nokre tankar om korleis ein skal reagere i ein slik situasjon. Det fekk han brukt for i dag.

– Eg har også kjøpt inn fluktmaske som eg henta ut av lastebilen etter at flammane var sløkt, seier han.

Sjølv hosta han litt etter hendinga, men vart sjekka av helsepersonell.