Hopp til innhold

Bil i grøfta – føraren skal ikkje vere skadd

Ein bil har køyrt utfor vegen på riksveg 15 mellom Kjøs bru og Stryn.

Ulykke Markane i Stryn

UTFOR: Bilen hamna utfor vegen på riksveg 15.

Foto: Sølve Robert Bø Hunvik

– Bilen skal ha køyrt i retning Stryn og hamna utfor vegen, opplyser Olaug Holme ved operasjonssentralen til politiet.

Føraren av bilen, ein mann i 60-åra, skal ha kome seg ut og er oppe og går. Det var ingen andre i bilen.

– Det er difor ikkje snakk om noko alvorleg, seier Holme. Men mannen er teken med til Nordjord sjukehus for kontroll.

Uhellet skjedde ikkje langt frå krysset der ein tek av til Hornindal.

Både ambulanse, brannkorps og politi rykte ut til hendinga.

Førarkortet vart rutinemessig kverrsett, men det skal vere ingen mistanke om køyring i rusa tilstand. Saka blir vidare etterforska av Stryn lensmannskontor.