Ulukka vart meldt inn til politiet om lag klokka 15.35.
Redningsmannskap og ambulanse kom raskt til ulukkesstaden i krysset ved Loftesnesbrua på riksveg 5.
– Vi veit førebels ikkje noko om skadeomfanget, men mannen er på veg til Førde sentralsjukehus i ambulanse, opplyser politiet til NRK.
Klokka 20.00 kunne AMK ved Førde sentralsjukehus opplyse at mannen er innlagt på intensivavdelinga med moderate skader.
I følgje politiet skjedde ulukka då bilen svinga frå riksveg 5 og inn på fylkesveg 55 i retning Hafslo.
– Syklisten kom frå Kaupanger over Loftesnesbrua då han vart påkøyrd av bilen, opplyser politiet.
Den mannlege bilisten i slutten av 30-åra er no fråteken førarkortet, og saka vil bli vidare etterforska av lensmannskontoret i Sogndal.
Det danna seg lange køar på begge sider av Loftesnesbrua, og gjennom Sogndal sentrum. Trafikken forbi ulukkesstaden vart dirigert manuelt.