Politiet fekk melding om hendinga like etter klokka halv eitt i dag. Dei melder at bilen køyrde vestover då hendinga fann stad. Det var våt asfalt og temperaturen var ca. 5.5 grader då ulukka skjedde.
Brann, helse og politi rykka ut til staden
Ein kvinneleg passasjer klaga over smerter i kroppen etter uhellet. Det er ikkje mistanke om rus, men politiet kverrsette førarkortet mellombels.