Hopp til innhold

- Politidekninga er altfor låg

Då ein innbrotstjuv tok føre seg i eit bustadfelt i Florø laurdag måtte privatpersonar gripe inn for å fange tjuven. Politimeisteren vedgår at dei ikkje har ressursar til å rykkje ut på alle saker slik dei burde.

Innbrotstjuv pågripen i Florø

TATT PÅ FERSKEN: Naboar fekk fanga tjuven. Politiet kom ikkje til staden før vel ein time seinare.

Foto: NRK.no-tipsar

– Det er berre å vedgå, det er ikkje nok politifolk i Sogn og Fjordane. Eg har langt færre politifolk enn det eg har behov for, og vi klarar ikkje å få til optimale løysingar, seier politimeister Johan Brekke til NRK.no.

Huseigaren i Florø fekk ein brå start på dagen då han oppdaga at ein innbrotstjuv var i ferd med å forsyne seg i huset hans.

Då tjuven stakk av for huseigar etter, og snart var fleire andre med i jakta som gjekk frå hage til hage.

I over ein time måtte privatpersonar halde innbrotstjuven i sjakk. For politiet hadde ingen patrulje i kystbyen. Den einaste patruljen som var på vakt i Sunnfjord måtte rykkje ut frå Førde, nesten seks mil unna.

Braut seg inn i hus der folk sov

Eric Hauge og Ørjan Sundal arbeidde i hagen til Sundal då dei oppdaga huseigaren som kom springande med ein spade i handa.

– Vi for etter for å finne ut kva som stod på, og då fekk vi vete at han hadde gjort innbrot i eit hus der det låg folk å sov, seier Hauge.

Arbeidet på den nye tomta i Havreneset i Florø tok dermed ei brå vending.

– Han for overalt, inn i hagar og over tomter. Så stal han ein sykkel for å prøve å stikke seg vekk. Vi var fem stykk som sprang etter han og vi måtte dele oss opp fleire gonger for å få tak i han, fortel Hauge til NRK.no.

Tjuven kasta stein og slo med kjepp

Tjuvjakta som varte i over ein halvtime i byggjefeltet med fleire barnefamiliar var ei skremmande oppleving.

Den rusa mannen kasta stein og prøvde å slå dei med kjeppar, før dei omsider fekk overmanna mannen.

– Han var veldig trugande, men til slutt klarte vi å få han i bakken. Vi heldt han fast og stripsa han, seier Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fanga innbrotsjuv i Florø

UROA: Ørjan Sundal og Eric Hauge likar dårleg at politiet ikkje kom raskare til staden då dei jakta innbrotstjuven i Florø.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Slik skal det ikkje vere

Politiet vart raskt varsla, men trass i at Sogn og Fjordane politidistrikt har hovudsete i nettopp Florø, var det ingen patruljar i byen. Den einaste på vakt i Sunnfjord og Ytre Sogn, måtte komme frå Førde.

Eric Hauge tykkjer det er ekkelt å få slike situasjonar så tett på.

– Eg synst det er dumt at vanlege folk må gripe inn fordi det ikkje er politifolk i byen. Han hadde sloppe unna dersom vi ikkje hadde sprunge etter, og det er gale, seier Hauge.

Kameratgjengen i Florø er skuffa over at politiet ikkje kom raskt til staden, og at dei må lova i eigne hender.

– Kva om det skjer ei bilulukke eller nokon vert stukken med kniv? Uansett bør politiet vere i nærleiken, seier kameratane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politimeister Johan Brekke

SLIK ER DET: Politimeister Johan Brekke vedgår at politidekninga i Sogn og Fjordane er for låg.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Vi har for få politifolk i fylket

For berre nokre veker sidan opplevde ein huseigar i Måløy ein liknande situasjon. Ein innbrotstjuv var i ferd med å bryte seg inn med øks, men politiet hadde ikkje patrulje som kunne rykkje ut.

Dette er dessverre kvardagen vår, seier politimeister Johan Brekke.

Medan politiet har som mål å ha 2 politibetjentar per 1000 innbyggjar innan år 2020, har Brekke i dag berre 1,1.

– Politidekninga er altfor låg, ja, seier Brekke til NRK.no.

Liknande situasjonar kan skje igjen

Dermed kan folk ikkje alltid vente at politiet kjem raskt til staden, i alle fall om det ikkje står om liv og helse.

– Slik det er no er det situasjonen. Med den nye organiseringa har vi eit felles vaktoppsett for dei 11 kommunane i Stor-Sunnfjord. Det kan bety at patruljen som er på vakt ikkje er akkurat der det er behov for det, seier Brekke.

– Det at privatpersonar held fast ein mistenkt gjerningsperson, er det å anbefale?

– Sjølv om folk har lov å gjere dette, så er dette noko ein må vere forsiktig med. Det er vanskeleg å vite om vedkommande er væpna eller farleg. Så folk bør ta kontakt med politiet og be om råd, seier Brekke.

Dette er flaut

Ørjan Sundal som var ein av dei fem som fekk fanga innbrotstjuven i Florø laurdag hadde venta seg hjelp mykje raskare.

– Det skjer gong på gong at politiet ikkje har ressursar til å kome. Det er flaut, vi har politiet for at dei skal vere der då vi treng dei, seier Sundal.