Hopp til innhold

Har levert historisk innsats - betalar gjerne for gildet

Med tre noverande og to tidlegare Førde-spelarar på laget, har det norske herrelandslaget i volleyball teke historiske steg.

Førde på landslaget

FØRDE-MILJØ: Lars Fredrik Tvinde, Mathias Loftesnes (Asse-Lennik), Jonas Kvalen, Lars Magnus Kaasa og Jon Jarning (Nyborg) har alle trekt Førde-trøya over hovudet. No har dei levert historisk innsats for det norske landslaget i Volleyball.

Foto: Privat

For første gang i historia har det norske herrelandslaget i volleyball teke seg vidare frå kvalifiseringsspelet til eit internasjonalt meisterskap.

Midt i prestasjonen står fem spelarar som også har vore med å løfte fram volleyballen i Førde.

– Det er stas. Det er tydeleg at Førde gjer noko rett, men så er jo resten av gruppa frå Nyborg. Så her er det Vestlandet som dominerer, seier Mathias Loftesnes.

– Vi er på rett spor

Sogndølen er i skrivande stund på veg til Madrid der det norske landslaget skal møte Ukraina, Spania og Tsjekkia i del to av andre runde av EM-kvalifiseringa.

Med på den historiske reisa er også Førde-spelarane Lars Fredrik Tvinde og Jonas Kvalen. Samt tidlegare Førde-spelarar Loftesnes og Jon Jarning. Også Førde-spelar Lars Magnus Kaasa var med i første kvalifiseringsrunde.

– Landslaget er jo eit prosjekt som starta for tre år sidan, og vi ser allereie no at vi har teke store steg med denne gruppa. Vi er på rett spor, seier Loftesnes, som til vanleg spelar for belgiske Asse-Lennik .

Ikkje skremde

Norge er rangert som den 45. beste volleyballnasjonen i Europa, men tok seg til andre kvalifiseringsrunde med sigrar over Bosnia & Herzegovina, Sveits og Ungarn. Alle rangert blant dei 38 beste i Europa.

Første del av andre runde gav derimot tre tap mot Tsjekkia, Ukraina og Spania, som alle er arangert blant dei 15 beste i Europa. Førstnemnde stod fram som suverene i turneringa.

– Likevel føler eg at vi viser at vi har noko å gjere på dette nivå. Mot Ukraina kunne vi like gjerne vunne, men tapte knepent, seier Loftesnes.

– Kor sterke var motstandarane?

– Det er bra nivå, og eg trur nok dette er dei beste laga vi har møtt med dette laget. Likevel er det ikkje skremmande. Vi er ikkje så langt frå dei og tek sett frå både Ukraina og Spania.

Kan likevel gå vidare

Mathias Loftesnes

NØGD: Mathias Loftesnes er nøgd med eigeninnsats med flagget på brystet. – Det er kanskje litt ustabilt, men eg veit eg kan betre. Det skal eg vise til neste helg, seier han.

Foto: Asse-Lennik

– Kva må til for at de går vidare no?

– Det må klaffe litt med tanke på resultata i dei andre kampane. Slår vi Spania og Ukraina, så har vi grei sjanse til å gå vidare så lenge Tsjekkia held fram med å sigre i sine kampar.

Loftesnes reknar det ikkje som umogleg å slå både Ukraina og Spania. Sistnemnde vart europameistrar for seks år sidan.

– I starten gir vi dei kanskje vel mykje respekt, men no har vi fått ein smakebit på det og sett at dei ikkjer er så mykje betre enn oss. Nivået ikkje er så skremmande. No har vi fått roen og kan fokusere meir på eige spel, seier kantspelaren.

Betalar sjølve

Loftesnes var sjølv kampens beste servar i oppgjeret mot Tsjekkia, og har elles sanka jamt og trutt med poeng for det norske landslaget. Noko også både Tvinde og Kvalen har gjort.

Spelarane må sjølve stå for ein god del av rekninga for det norske volleyballaget. Kor mykje vil ikkje Loftesnes seie noko om.

– Slik er det diverre, og det kostar. Men alle spelarane vil dette, så då betaler vi gjerne ein eigendel for å få oppleve det. Vi kan ikkje legge for mykje fokus på at vi må betale, vi må berre prestere og hevde oss, seier han.

Norge satsa nytt

Norges Volleyballforbund hadde i fleire år ikkje råd til å satse på landslaget. For tre år sidan starta ein på nytt, med eit ungt landslag. Loftesnes har vore med i denne gruppa.

Medaljas bakside er at spelarane sjølve må stå for ein del av rekninga. I motsetnad til landslagskolleager på til dømes herrelandslaget i fotball.

– Omlegginga var absolutt naudsynt. Det er viktig for norsk volleyball å ha eit landslag i aktivitet. Det er viktig for dei beste spelarane å få denne matchinga og ha dette å strekkje seg mot, seier sogndølen.

– Gull verdt

– Mange spelar i eliteserien i Norge og det er ikkje nivået kjempehøgt samanlikna med det vi møter no. Erfaring spelarane vil ta med tilbake til sine lag. Det er gull verdt, held han fram.

For enkeltspelarar er landslaget, og ikkje minst slike EM-kvalifiseringar, eit godt utstillingsvindauge for dei som ynskjer å prøve seg som proff i utlandet.

– Kor langt kan denne satsinga nå?

– Når vi hevdar oss mot laga vi møter no, så er eg optimistisk. Vi har framleis sjanse til å komme oss vidare. Det er fullt mogleg.