Hopp til innhold

Betalar meir enn resten av fylket

Straumkundar i tre nordfjordkommunar måtte onsdag betale nær 40 prosent meir for straumen enn kundane i resten i fylket.

Strømmåler

DYRE KILOWATT: Kulda har sendt prisen på straum rett til vêrs.

Foto: Terje Bendiksby, Bendiksby, Terje / Scanpix

Årsaka er at dei må betale den same prisen som folk i Midt-Norge, og grensa for prisområdet går langs Nordfjorden.

Kulde og høgt forbruk

Fram til kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre er på plass, vil situasjonen ifølgje Statnett halde fram i periodar med høgt straumforbruk.

– Desverre så ser det slik ut no. Det gir store utslag i prisane, spesielt når det er kaldt og forbruket går i vêret, opplyser informasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Statnett.

Prisskilnad på 33 øre

På grunn forventa kraftunderskot i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka vart det for fire år sidan oppretta eit eige prisområde for Midt Norge. Det nye prisområde omfattar Eid, Hornindal og Stryn.

Onsdag opplevede dei å måtte betale 118, 39 øre per kilowatt time for straumen, medan prisen i resten av fylket var 85,33.

Flaskehals

Bjarne Dybvik i Sogn og Fjordane Energi har ikkje problem med å fortå at folk reagerer.

– Det forstår eg veldig godt. Det har med flaskehalsane som finst i nettet. Det som er avgjerande er kor mykje straum ein maktar å sende inn i dei enkelte prisområda, og sjølvsagt forbruket.

– Treng Fardal-Ørskog-linja

Torsdag vil prisskilnaden langt på veg vere utjamna igjen. I Statnett meiner ein dei store prissvingingane dei siste dagane viser kor viktig det er å få på plass den nye store kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Møre.

– Vi oppleverer eigentleg situasjonen vi ser no som eit veldig klart bevis på kor viktig det er å få denne leidningen på plass for å kunne hindre å få denne typen utslag som ein no ser, særleg når det er så kaldt, seier Akselsen.

Og i periodar med høgt straumforbruk vil dette forsetje ei god stund framover.