Hopp til innhold

Best karakterar i landet

Elevane i Sogn og Fjordane tronar øvst på karakterlista.

Eksamen

Elevar i Sogn og Fjordane gjer det godt.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Ei gransking av eksamens- og standpunktkarakterane for avgangsklassane på ungdomsskulane, våren 2008, syner at elevane i Sogn og Fjordane nok ein gong kjem best ut.

Dette har Bergens Tidende funne ut etter å ha granska karakterane i basisfaga norsk, engelsk og matematikk for alle kommunane i landet.

- Ikkje noko nytt

Dersom ein berre ser på eksamenskarakterane er det Sogndal kommune som ligg høgast med ein snittkarakter på 3,90. Også Selje, Førde, Vågsøy og Årdal er med på lista over dei 15 beste kommunane i landet.

Best gjennomsnitt for standpunktkarakterane er det Høyanger som har med 4,40. I tillegg ligg Selje, Balestrand, Gaular og Fjaler høgt på statistikken.

At elevane i Sogn og Fjordane er flinkast i heile landet er ikkje noko nytt, seier utdanningsdirektør Bjørn Tønnesen. Så lenge karakterstatistikken har vorte offentleggjort har Sogn og Fjordane lege på topp.

Sagatun skule aller best

Sagatun skule (arkivfoto)

Sagatun skule i Balestrand kjem best ut.

Foto: NRK

Om ein ser på både eksamens- og standpunktkarakterar, er det Sagatun skule i Balestrand har det beste karaktergjennomsnittet i landet.

Rektor på Sagatun skule, Karstein Fardal, er stolt av både elevane og lærarane ved skulen.

Vidareutdanning kan vere forklaring

Utdanningsdirektør Tønnesen trur ikkje det er tilfeldig av Sogn og Fjordane kjem så godt ut.

Dei siste åra har Sogn og Fjordane satsa meir på etter- og vidareutdanning av lærarar, enn mange andre fylke. Tønnesen trur dette kan vere ein del av forklaringa på kvifor elevane i fylket er så flinke.