- Dette er utruleg lite, og det er ei veldig dårleg utnytting av personellet å bruke så mykje ressursar på ein fødsel, seier fagdirektør Hans Johan Breidablikk i Helse Førde til firda.no.
- Ingenting å gjere på
Ifølgje Breidablik har dei tilsette på fødestova ingenting å gjere på, og dei får ikkje erfaring. Jordmor og gynekolog er på vakt døgnet rundt. I tillegg står eit operasjonsteam med anestesilege og fleire sjukepleiarar klart. Men desse er og på vakt i samand med andre operasjonar.
- Om vi legg alt dette på den eine fødselen i oktober, har den kosta store summar, seier Breidablikk til avisa.
Tala
Ved Førde sentralsjukehus var det 52 fødslar i oktober. Ved Nordfjord sjukehus var talet 22, og altså ein i Lærdal. Hittil i år er det fødd 656 born i Førde, 228 i Nordfjord og 52 i Lærdal.