Hopp til innhold

Berre ei vil bli fylkesmann

Berre ein person ønskjer stillinga som Fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Anne Karin Hamre

EINASTE SØKJAR: Assisterande fylkesmann Anne Karin Hamre er den einaste som vil ha jobben som fylkesmann.

Foto: Anne Gro Fredheim

Søknadsfristen gjekk ut i dag, og 45 år gamle Anne Karin Hamre var einaste søkar. Ho er i dag assisterande fylkesmann.

Trass i at ho er einaste søkjar er ho likevel ikkje sikker på at stillinga vert hennar.

– Eg trur det er litt tidleg å sprette champagnen enno, eg har forstått at det er få søkjarar til dei andre fylkesmannsstillingane også, så det er ikkje unaturleg å tenkje seg at dei vil forlenge søknadsfristen.

Ho seier ho har søkt stillinga fordi det er ein av dei mest spennande stillingane i fylket.

– Det er jo litt overraskande at ikkje fleire har søkt. Eg har søkt jobben fordi det er ei fantastisk moglegheit for å utvikle ein organisasjon med mange viktige samfunnsoppdrag.

Sandal søkte ikkje

Dei tidlegare stortingsrepresentantane og statsrådane frå fylket - Heidi Grande Røys (SV) og Reidar Sandal (Ap) - var tippa som søkjarar, noko som viste seg å ikkje vere tilfelle.

Sandal bekreftar til NRK at han ikkje har søkt. Han var i forkant utpeikt som favoritt til jobben.

Noverande fylkesmann Oddvar Flæte var landets yngste fylkesmann då han vart utnemnd i Kongen i Statsråd i 1994. Han er ein av få utan politikarbakgrunn. 67-åringen gir seg etter 17 år som statens sin mann i fylket.

Få vil bli fylkesmenn

Heller ikkje i dei tre andre fylka som skal ha ny fylkesmann er er det mange søkjarar.

I Oslo og Akershus har Valgjerd Svarstad Haugland, Per Kristian Foss og Ingfrid Oddveig Tveit søkt. Trøndelag har fått fire søkjarar og i Troms er det berre ein søkjar.