Hopp til innhold

Framleis berre ei ferje på Mannheller-sambandet

Det er framleis berre ei ferje som trafikkerer sambandet Mannheller-Fodnes.

Bilferja Lote og Mannheller ferjekai

BERRE EI: Også i dag er det berre ei ferje på Mannheller-Fodnes.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har framleis ikkje fått på plass ei ny ferje på det sambandet, seier vakthavande i Fjord1, Tor Vidar Kittang.

M/F Årdal tek seg av trafikken, men det betyr at det er ferjeavgang kvart 40. minutt frå kvar side, mot kvart 20. minutt ved normal rutefart.

Grunnstøytte i Amlabukta

Ferja M/F Gulen grunnstøytte onsdag då ho var på veg frå Kaupanger kai til Mannheller for å gå inn som andreferje på sambandet. Ferja bomma på utløpet av Amlabukta og gjekk i fjøresteinane på austsida.

Noko god forklaring på grunnstøytinga har ein ikkje funne, men det skal ikkje vere mistanke om promille.

Ventar på M/F Stryn

Ferja M/F Stryn har vore på verkstad i Måløy, og håpet er å få denne ferja på plass i indre Sogn så snart som råd. Men om det let seg gjere i løpet av dagen, er framleis uvisst.

– Eg torer ikkje svare på det akkurat no. Slik vêret er no, er det mange ting som spelar inn, seier Kittang.