Hopp til innhold

Berre éi ferje i drift

Ekstraferja på sambandet Lote-Anda er ute av drift på grunn bos i fjorden etter flaumen i Utvik.

Bilferjene Årdal og Sognefjord på Anda-Lote

EKSTRAFERJA ER UTE: Flaumen i Utvik får følgjer får mange.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det flyt mykje ureinheiter i Fjorden etter flaumen i Utvik, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille i Statens Vegvesen.

Jordslam, plast og andre ting som har komme ned i fjorden etter flaumen er no eit problem for ferjene.

Ekstraferja blei sett inn for å ta unna trafikk etter at Utvikfjellet vart stengt på grunn av flaumen i Nordfjord.

Ferja har no fått noko i kjølesystemet, og kan ikkje gå før det har blitt reinska ut.

– Motoren har ikkje effekt så lenge det ikkje er kjøling, men ferja blir rensa i kveld. Ho skal vere i drift igjen i morgon, seier Nedberge Hille.

Statens Vegvesen skriv i ei pressemelding at ein må rekne med ventetid om ein skal reise med ferja.