NRK Meny
Normal

Ferja vil køyre utover natta – ekstra ferje kjem i morgon

UTVIK/BREIM/FØRDE (NRK): Ei ekstra ferje kjem til Anda-Lote litt over klokka 12 tysdag. Etter flaummassane i Utvik tok med seg bruer og store delar av vegen, er det mykje trafikk på ferjesambandet Anda–Lote.

Kø

VENTETID: Ein må rekne med å vente i over to timar før ein kjem på ferja.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

SISTE: – Klokka 12 i morgon kjem ei ekstra ferje for å auke kapasiteten, seier rådgjevar, Kai Johnny Bugjerde i Statens vegvesen. Dei trur ikkje vegen ved Utvik opnar att denne veka og no ferjekøane fleire kilometer lange.

Den ekstra ferja kjem i drift klokka 12 i morgon, og vil køyre i skytteltrafikk dei neste dagane så lenge det er behov for det, ifølge Bugjerde.

Køane er mange kilometer lange og frå Anda må ein rekne med to og ein halv time før ein kjem om bord på ferja. MF Årdal kjem til å gå også etter midnatt i dag. Vanlegvis går den siste ferja rundt klokka tolv.

– Det blir nesten samanhengande køyring heilt til køane løyser seg, seier skipsførar, Ole Kristian Hauge på «MF» Årdal.

Køar anda-lote

LANGE KØAR: Fleire må vente i fleire timar før dei kjem seg på ferja. Verst er det på Anda-sida.

Foto: NRK-tipsar

– Vi har ingen indikasjonar på at køane har blitt noko mindre, seier Hauge.

Ein innringjar melde i 19-tida at køen no står forbi Sandane lufthamn og til Andenes. Det er om lag fire kilometer med kø. Frå Lote er det om lag ein times ventetid. Det seier mannskapet om bord på «MF» Årdal som går på sambandet.

¨Lange køar på Anda ferjekai, etter flaum i Utvik

1.5 KILOMETER: Køen Anda-ferjekai på E39 ved 16-tida måndag ettermiddag. Då var den 1,5 kilometer lang. Ved 19-tida var den over tre gonger så lang.

Foto: Steinar Lote / NRK

Lenge til vegane kan opne

– Det vil ta dagevis og det er særs lite truleg at vegen opnar att denne veka. To bruer er vekk og vegen har fått store skadar, seier Kai Jonny Bugjerde i Statens vegvesen.

For etter kraftig regnvêr i natt ser Utvik ut som eit katastrofeområde. Storelva som går gjennom Utvik sentrum har gått langt over sine breidder og tatt med seg store stykke av vegen nedover på fjorden.

Veg rasa ut i Utvik flaumen

STORE SKADER: Fleire lange strekker langs fylkesveg 60 gjennom Utvik har rasa ut.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det betyr at Utvikfjellet er stengt og midt i høgsesongen for turisme er det mange bilar som nyttar denne strekninga til turistmål som Loen og Olden. Det einaste alternativet for å koma seg til stadar som Stryn, Olden og Loen sørfrå; å køyra nordover langs E39 og følge ta fylkesveg 15 frå Nordfjordeid. På ferjesambandet Anda-Lote er det fleire kilometer lange køar måndag kveld.

  • Står du i køen? Send oss gjerne eit bilde på sf@nrk.no.
Kø på ferjestrekninga Anda-Lote

KØ: Her kan du sjå ein video som er tatt av ein bil som køyrde mot køen som står mot ferjekaien.

SJÅ FLEIRE BILDE HER:

Førebels er det berre ei ferje på sambandet som vil køyre utover natta for å få løyst opp i dei lange køane.

Transportnæringa kravde at det skulle bli sett inn ekstra ferje fram til fylkesveg 60 er opna att. I morgon kjem forsterkingane.

– Dette vil berre auke og bli verre og verre dei neste dagane. Det er mange som er økonomisk avhengig av desse vegane og då må ein ikkje venta for lenge før ein gjer noko, seier Rolf Olav Tenden, leiar i Tor Tenden Transport og fylkesleiar i lastebileigarforbundet.

Fredag og søndag var det om lag ein times ventetid på ferjesambandet, grunna tusenvis av tilreisande til Malakoff-festivalen.

– Dette er Malakoff gonger to. No er det fullt trykk frå begge sider og det er mange turistbussar. På Anda er det om lag halvannan times ventetid, medan det på Lote er ein halvtime, seier skipsførar på «MF» Årdal som går på ferjesambandet Anda-Lote.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.