Hopp til innhold

Berre Bergen manglar ny ordførar

Ein månad etter lokalvalet 11. september er det i Vestland kun Bergen som ikkje har avklart kven som skal vera ordførar dei neste fire åra.

Det er uvisst om byrådsforhandlingane mellom Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet endar med at Høgres ordførarkandidat Marit Warncke (biletet) blir ordførar i Bergen.

I tillegg til det NRK tidlegare har meld, er det avklart at Yngve Fosse (Høgre) blir ordførar i Askøy, Karl Kollbotn (Framstegspartiet) i Samnanger og Jens Olav Holven (Senterpartiet) i Ulvik.

I heile landet er det per 11. oktober om lag 25 kommunar som ikkje har avgjort ordførarvalet.

NRKVALG23: Marit Warncke på Høyres valgvake
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK