Talet på innstilte persontog på Bergensbana har auka det siste året, og frå januar til november i år var berre 70 prosent i rute. Det er ein nedgang frå i fjor, då 79 prosent var i rute.
Utviklinga har dermed gått i feil retning og er eit godt stykke unna Jernbaneverket sitt mål om ei punktlegheit på minst 90 prosent.
– Me har for mykje signalfeil
– Me fekk kraftig auke av vedlikehaldsmidlar frå og med 2009, og me satsar på at det vil me kunna få i framtida også. Då skal det gradvis bli betre, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket.
Inge Hjertaas er informasjonssjef i Jernbaneverket.
Foto: NRKDet er ikkje berre uvêr og ras som skaper problem på Bergensbana. Enkelthendingar som
, og Jernbaneverket sine eigne installasjonar har også skapt forseinkingar.– Det som bekymrar oss mest er at me framleis har for mykje signalfeil, og det har faktisk auka. Me må gjera ein endå større innsats for å finna årsakene til dette her, seier Hjertaas.
LES OGSÅ:
Liker ikkje utviklinga
Det er NSB som køyrer toga, og selskapet er ikkje nøgd med utviklinga.
– 2011 har for eit utfordrande år for oss, og me er ikkje nøgde med dessa tala, seier sals- og marknadsansvarleg Henning Lirhus i NSB.
Han innrømmer at NSB må ta på seg litt av ansvaret.
– Vårt hovudfokus er å sørgja for at togmaterialet vårt er i god stand til å kunna køyra over høgfjellsstrekninga. Me har i tillegg sterkt fokus på opphald på stasjonar undervegs, seier Lirhus.