Hopp til innhold

Talet på lærarstudentar stuper: Her møtte berre 15 opp

I over 180 år har skulen på Stord utdanna lærarar. No ropar mange eit alvorleg varsku for lærarutdanninga.

Inger Christine Hystad Barane. Student på grunnskulelærarutdanninga, HVL Campus Stord.

FÅ STUDIEVENER: Inger Christin Hystad Barane møtte opp til første studiedag på lærarutdanninga på Stord måndag.

Foto: Olav Røli / NRK

– Eg skulle ønska at det var fleire som begynte saman med meg. Me treng fleire lærarar.

18 år gamle Inger Christin Hystad Barane sit på skulebenken på lærarhøgskulen på Stord.

I fem år skal ho studera for å bli grunnskulelærar for femte til tiande trinn.

Men det er langt ifrå trongt inne i klasserommet.

Berre sju andre møtte opp til første studiedag på same utdanning. I tillegg møtte sju opp for å starta på grunnskulelærarutdanning 1.–7. trinn.

– Me blir nok godt kjende i alle fall, seier Barane.

Inger Christin Hystad Barane saman med resten av gjengen som skal starta på grunnskulelærar 5-10.

Inger Christin Hystad Barane saman med resten av gjengen som skal starta på grunnskulelærarutdanning for 5.–10. trinn.

Foto: Olav Røli / NRK

Færre vil bli lærar

På Stord har dei utdanna lærarar sidan 1839. For 20 år sidan var det kring 100 ferske lærarstudentar som starta utdanninga si her.

I dag møtte berre 15 framtidige lærarar opp til første skuledag.

– Trenden har peika nedover dei siste åra. Og det er jo ein del av ein større nasjonal trend, seier prodekan for regional utvikling ved HVL, Sigurd Sandvold.

Nedgangen har vore spesielt merkbar i år.

– I snitt har me hatt om lag 50–60 nye studentar på lærarutdanninga dei siste ti åra, seier Sandvold.

Les også Pia (24) mener disse grepene kan lokke flere til å bli lærere

Pia Stemland med caps, solbriller og turklær

Vil ha mindre detaljstyring av lærarar

At det er få lærarstudentar på Stord, er ein del av ein nasjonal trend.

Tal frå Samordna opptak viser at det var 21,9 prosent færre søkarar til lærarutdanningane i år enn i fjor. Ikkje sidan 2008 har så få søkt lærarutdanning i Noreg.

Utdanningsminister Sandra Borch seier til NRK at ho tar nedgangen i søkartala på største alvor.

– Det viktigaste me kan gjera for å rekruttera, er å sørga for at barnehagar og skular er gode stadar å arbeida. Me vil auka tilliten til lærarane i skulen og redusera detaljert styring, seier ho.

Saman med kunnskapsminister Tonje Brenna jobbar ho no for å få til ein ny strategi for å rekruttera og behalda lærarar.

Inger Christin Hystad Barane og Mari Elisabeth Kollstrand. Nye lærarstudentar.

Inger Christin Hystad Barane og Mari Elisabeth Kollstrand syns fem år med høgare utdanning er mykje.

Foto: Olav Røli / NRK

Meiner fem studieår er for mykje

Både Inger Christin Hystad Barane og den nye studievenninna hennar, Mari Elisabeth Kollstrand, meiner lengda på studiet kan ha påverka talet på søkarar.

Frå hausten 2017 vart det innført femårig masterutdanning for grunnskulelærarar.

– Eg trur ein må vurdera lengda på utdanninga. Spesielt viss ein kjem rett frå vidaregåande, er det tungt å starta eit femårig løp, seier Barane.

Ho håpar politikarane kjem med tiltak som kan få fleire til å ta lærarutdanninga.

– Utdanning er grunnlaget for det alle meste, og konsekvensane av for få lærarar er store, seier ho.