Hopp til innhold

Bergenselev innlagt med smittsam hjernehinnebetennelse

– Det er veldig trist. Håpar ho blir frisk så fort som mogleg, seier medelevar.

Wencke Haukanes, helsesøster ved Sandsli videregående skole, gir råd til russen etter utbrudd av smittsom hjernehinnebetennelse.

PILLE MOT SMITTE: Christian Brundtland og Anders Fiksdal får utdelt antibiotika av helsesøster Wencke Haukanes, for å hindre å bli smitta av hjernehinnebetennelse.

Hordaland fylkeskommune rapporterer om eit tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse på Sandsli vidaregåande skule i Bergen.

Jenta som går i førsteklasse på den vidaregåande skulen i Ytrebygda i Bergen er innlagt på Haukeland universitetssjukehus.

– Det er veldig skummelt. Ho var inne i vår russebuss då det skjedde. Difor fekk vi beskjed om å komme opp hit for å få antibiotika, fortel Christian Brundtland, som var i samme russebuss som jenta som har fått påvist sjukdommen.

(Saka fortset under biletet.)

Jonas Jerad, William Thorenfeldt, Anders Fiksdal, Olav Johann Berg og Christian Brundtland

– VELDIG SKUMMELT: Jonas Jerad, William Thorenfeldt, Anders Fiksdal, Olav Johann Berg og Christian Brundtland var i samme russebuss som den smittede jenten.

Foto: Mette Anthun / NRK

– No har eg fått ein antibiotikapille. Det skal hindra meg i få sjukdommen, eller eventuelt dempe den. Vi har tatt vaksine også, men dette er for sikkerheits skuld, fortel Brundtland.

Innlagt på sjukehus

Alle som har vore i nærkontakt med jenta den siste tida har fredag fått førebyggjande antibiotikakur. Medelevane på Sandsli er tydeleg prega av sjukdommen som har brote ut i elevflokken. No håpar dei berre at ikkje fleire blir råka av sjukdommen.

– Det er veldig trist. Vi håpar at ho kjem seg så fort som mogleg. Vi høyrer ho er innlagt på sjukehuset. No håpar vi at ikkje fleire blir smitta, seier Anders Fikstal.

– Snakk om eit tilfelle

– Me veit at det er snakk om eit tilfelle, og mistenkjer i grunnen ikkje fleire tilfelle, seier fungerande Arve Bang som understrekar at sjukdommen i verste fall kan vera dødeleg.

Åtvaring på Facebook-sida til Sandsli vgs

ÅTVARER: Sandsli videregående skole har lagt ut denne meldinga på si Facebook-side.

Foto: Skjermdump Facebook

– Sjukdommen smittar med dropesmitte, gjerne gjennom at ein delar drikkeflaske, kyssar eller klemmar.

Kven er i faresona for å verta smitta?

– Det er jo dei som har vore saman med jenta, dei har fått tilbod om ein enkeltdose med antibiotika. Me ber om at dei som måtte oppleva hovudpine, sår hals eller feber må dei ta kontakt med lege, seier smittevernoverlegen.

Alle legevaktene i Bergen er varsla om tilfellet.

Har vore på russefest

Jenta som er innlagt skal ha vore på fest med venner som deltek i russefeiringa. Russen er ei gruppe som får særskild oppfølging for å førebyggja smittsam hjernehinnebetennelse.

– Russen har tidlegare fått tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. Likevel ber vi dei med mistanke om at dei er smitta å ta kontakt med lege så snart som råd, seier Svein Heggheim, fylkesdirektør for opplæring i Hordaland fylkeskommune.

Også elevar ved Nordahl Grieg vidaregåande og Fana gymnas vil verta følgd ekstra opp, sidan det er tett kontakt mellom elevane ved skulane i russetida.