Tidlegare barneheimsborn ved barneheimane Morgensol og Bergens Guttehjem har fortalt om rystande tilhøve på barneheimane på 60-talet.
Det same i Alta
Tidlegare i år kom det fram at tilsvarande forhold skal ha funne stad på ein barneheim i Korsfjord i Alta,- med ein vesentleg skilnad. Alta kommune tok straks affære etter avsløringane. Mellom anna tok kommunen direkte kontakt med Landsforeningen Rettferd for Taperne.
Bergen bør lære
Generalsekretær i foreningen, Ola Ødegaard, etterlyser tilsvarande intiativ frå Bergen kommune. Han meiner overgrepa som som skal ha skjedd i Bergen, er identiske med overgrepa i Korsfjord i Finnmark.
Får støtte frå Alta
No får Ødegaard støtte frå ordføraren i Alta, Eva Nielsen. Ho seier Bergen bør gjere som Alta og ta barneheims-offera på alvor. Då det blei kjend i våe at born var mishandla på ein barneheim i Alta på 50- og 60-talet, inviterte kommunen offera til eit møte.
Dekka psykologhjelp
Alta kommune dekka psykologhjelp for dei som fekk problem når dei gamle sakene dukka opp att. Kommunen dekka også det det kosta å få kasta ljos over saka. I tillegg har kommunen betalt medlemspengar i Landsforeningen Rettferd for taperne.