Hopp til innhold

Plenklipp og sauer skal hindre ny storbrann

Brannsjefen i Lærdal ber folk om å klippe plenane sine før vinteren kjem. Målet er å gjere det vanskelegare for ein eventuell ny brann å spreie seg.

Gaute Johnsgaard

KLIPP PLENEN: Brannsjef Gaute Johnsgaard ber folk rydde i hagane sine og syte for at det ikkje er langt gras når vinteren set inn.

Foto: Ole Andre Rekkedal/Halvor Farsund Storevik / NRK

For høgt gras og hageavfall var ei medverkande årsak til at flammane spreidde seg så raskt som dei gjorde under lærdalsbrannen i januar.

I Lærdal bles vinden frå aust. Som den gjorde den januarnatta då store delar av bygda brann. Den gong gjorde vinden flammane nærast ustoppelege. Vindkasta i dag er ei påminning om at det kan skje igjen.

Brannsjef Gaute Johnsgaard har difor ei oppmoding til innbyggjarane.

– Erfaringane vi gjorde oss under brannen var at vi såg at på marker og i hagar som ikkje var stelte, der fekk brannen lett tak. Difor ber vi om at folk som eit førebyggjande tiltak ryddar i hagar og på marker slik at vi unngår at vi får ein slik situasjon att.

– Brannsikringssauer

Sauer et gras i Lærdal

BRANNSIKRINGSSAUER: Dyra utnyttar ressursane og syter for at brannfaren minkar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

På eit jorde berre eit steinkast unna dei verneverdige husa påLærdalsøyri beitar ein flokk med sauer.

– Dette er brannsikringssauer, eit nytt fenomen vi har pønska ut her i Lærdal, seier landbrukssjef Magnhild Aspevik.

Ho fortel at lærdølenehar vorte ekstra forsiktige etter brannen. Sauene dei har sett i sving er til uvurderleg hjelp i kampen mot graset.

– Sauene er fantastiske beitedyr, her kan vi slå to fluger i ein smekk. Vi får utnytta ressursane, og vi får redusert brannfaren vesentleg her bak gamle Lærdalsøyri.

Magnhild Aspevik

TO FLUGER I EIN SMEKK: Landbrukssjef Magnhild Aspevik meiner beitande sauer reduserer brannfaren vesentleg.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Alle må ta eit tak

På rådhuset i Lærdal sit ordførar Jan Geir Solheim. Vinden utanfor kontorvindauga vekker minner også hos han.

– Eg merkar det på meg sjølv at eg tenker på der som skjedde. Vi må saman gjere det vi kan for at det ikkje skjer igjen.

Ordføraren håpar no at folk tek oppmodinga om å halde orden i hagane på alvor. Generelt meiner han lærdølene er flinke.

– I år er vi i ein spesiell situasjon. Det har vore ein god sommar og ein lang, flott haust. Dermed har graset vakse lenger enn normalt. Og så er det ikkje alle huseigarane som bur her, så det å fylgje med på alt er vanskeleg, så vi må ta eit tak.

Brannen i Lærdal

HAR LÆRT AV DETTE: Lærdølene gjer det dei kan for å hindre ein ny storbrann.

Foto: Jan Erikstad

– Plenen er nyklipt


På nærbutikken er det ikkje alle som har fått med seg ordføraren og brannsjefen sine formaningar. Men dei fleste er som Randi Aarethun og meiner at dei har alt på stell.

– Plenen min er grøn og fin og nyklipt.

Ho bur midt i området der brannen herja, men huset hennar slapp unna flammane. Ho trur alle i Lærdal har lært av det som skjedde.

– Det er eg heilt sikker på, for eg trur at ingen er så forsiktige med med varme som vi lærdøler. Vi kastar til dømes ikkje sneipar i hagen. Eg trur folk kjem til å skjere ned tre dei har i hagen. I januar hadde eg nett skore ned ei kjempestor bjørk, hadde eg ikkje gjort det hadde det gått gale.

Høgt gras i Lærdal

BØR KLIPPAST: Slikt gras kan lett få eld til å spreie seg.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK