–Fylkeslegen bør setje seg inn i det som er kome fram og kartlegge det. Han bør sterkt vurdere om det skal opprettast ei tilsynssak mot Helse Førde for å få kartlagt om det har vore fagleg uforsvarleg behandling når det gjeld ortopedi i Nordfjord, seier pasientombod Lisa Førde Refsnes.
- LES OGSÅ:
Låg i landstoppen på tal operasjonar
Helse Førde låg på landstoppen i talet på skulderoperasjonar, men etter at avdelinga i Nordfjord vart lagt ned ved utgangen av 2011, vart talet på operasjonar i fylket halvert. Professor ved Oslo Universitetssjukehus, Jens Ivar Brox, sa torsdag på NRK at han ikkje i tvil om at mange har vorte unødvendige opererte.
I tidsrommet 2008 til 2011 var det ingen som gjennomførte fleire skulderoperasjonar per tusen innbyggjarar enn Nordfjord sjukehus. Overlege og professor ved Oslo universitetssjukehus, Jens Ivar Brox sa torsdag til NRK at han ikkje er i tvil om at mange som ikkje trong operasjon, har blitt unødvendig operert.
– Det er ein enkel måte å seie det på, seier Brox.
Professor Olav Helge Førde ved Universitetet i Tromsø har følgjande karakteristikk av unødvendige operasjonar:
– Det er uetisk å utsetje folk for operasjonar som ikkje har noko effekt, seier Førde til NRK.
Ber pasientar ta kontakt
Pasientombodet i Sogn og Fjordane ber no tidlegare skulderopererte ved Nordfjord sjukhus som framleis slit med smerter om å ta kontakt.
– Eg kan ikkje uttale meg om det har skjedd feilbehandling eller ei uforsvarleg operasjonspraksis på Eid. Deg tenker er at viss det finst pasientar i Sogn og Fjordane som føler at dei har blitt feilbehandla eller er utsette for komplikasjonar, så er dei velkomne til å ta kontakt med oss slik at v i eventuelt kan hjelpe dei med ein klage.
Førde Refsnes seier det i 2011 kom inn 12 klager på den ortopediske avdelinga ved Nordfjord sjukehus. Det er dobbelt så mange som i eit normalt år.
– Eg ser frå årsmeldinga for 2011 at det vart tatt opp som eit særleg punkt at talet på førespurnader til Pasientombodet om Nordfjord sjukehus si ortopediske avdeling var dobla i 2011 samanlikna med gjennomsnitt for de tre føregåande åra.
– Dette er altså klager på behandlinga?
– Ja, dette er førespurnader som er kome til Pasientombodet i forhold til ortopedisk avdeling.
- LES OGSÅ:
Avviser påstandane
Tidlegare avdelingsleiar ved den ortopediske avdelinga i Nordfjord, Kristian Humborstad aviser skuldingane om unødvendige operasjonar.
– Nei, eg har ikkje noko grunn til å ta sjølvkritikk for det. Vi følgde standard utgreiing og behandling av skulderpasientar. Vi gjorde ingenting spesielt på Eid. Vi gjorde det vi skulle. Vi tok injeksjonsbehandling, vi tok trening hos fysioterapeut og så opererte vi dei som ikkje vart bra.
Humborstad avviser på det sterkaste at det skal ha vore gjennomført ekstra mange operasjonar for å få opp volumet som den del av sjukehuskampen for å halde på ortopediavdelinga ved sjukehuset.
– Nei. Ein må halde seg til vanlege moralske og etiske normer for legegjerninga. Vi driv ikkje og opererer for å få opp volumet. Det er heilt uaktuelt
Fylkeslegen: – Treng meir informasjon
Fylkeslegen i Sogn og Fjordane ønskjer informasjon om saka før han vil ta stilling til om han vil opprette tilsynssak.
– Dersom eg får ein førespurnad og bakgrunnsstoff som gir grunnlag for uro kring det, ut frå omsynet til pasienttryggleiken, så vil eg naturleg nok vurdere det. Men kan ikkje ta stilling til det no, seier fylkeslege Per Stensland.
– Operasjonsfrekvensen i Sogn og Fjordane vart halvert når ortopedisk avdeling i Nordfjord vart lagt ned. Kva tyder det på?
– Ein kan jo absolutt få ein indikasjon på at inngrepa har vore i overkant ein periode tidlegare. Men for å uttale meg om absolutt dette tilfellet, så må eg ha meir bakgrunnsinformasjon.
Stensland seier samstundes at det er svært alvorleg dersom enkeltlegar bevisst har utført unødvendige operasjonar.
– Dersom ein operatør med innsikt og vilje gjer eit inngrep for å blåse opp eit volum, så er det naturlegvis heilt forkasteleg og etisk uforsvarleg. Det eg peikar på er at denne typen variasjon i førekomst av inngrep, er ikkje noko nytt.
Tala NRK har henta inn baserer seg på pasientar busette i Sogn og Fjordane, gjestepasientar frå andre helseføretak som er opererte ved sjukehusa i fylket er ikkje med i talgrunnlaget.