Hopp til innhold

Bensin til 42,21 kroner literen?

Grete Janne Fossheim måtte dra på smilebandet då ho onsdag køyrde forbi Esso-stasjonen på Byrkjelo.

Saftig bensinpris hos Esso.

Ville du fyllt bensin her?

Foto: Grete Janne Fossheim

Ein liten tastefeil fekk store utslag for Esso-stasjonen i Gloppen. For stasjonen marknadsførte plutseleg bensint til 42,21 kroner literen. Dieselprisen var noko meir fornuftig, med ein literpris på 12,76.

- Eg tykte det var litt i overkant. Når det kostar 2 000 kroner for å tanke ein bi, då byrjar dei å bli grådige, ler Fossheim.

- Ynskte roleg dag?

Byrkjelo-dama snudde tvert om og måtte forevige literprisen. Ho skjønte det skuldast ein feil.

- Dei hadde sikkert lyst på ein roleg dag på jobben, ler ho. Heller ikkje stasjonsmeister Bjarne Kleppe kan unngå å le godt når han får presentert literprisen.

- Den var morosam

- 42 kroner literen. Den var morosam. Det er jo berre så gale at det må vere feil, seier han og tilbyr seg å sjekke «dagens pris».

- No er den 12,87. Det var jammen dyrt det også, men meir i tråd med slik det skal vere, ler han.

Vart retta

Kleppe vedgår at den ville literprisen må skuldast eit tastetrykk. Det er betjeninga sjølve som tastar inn prisen som skal vise på skiltet. Feilen vart retta, men når er førebels uvisst. Stasjonssjefen trur ikkje at nokon har fått så dyr bensin.

- Du kan vere sikker på at vi hadde fått høyre det då. Men hadde vi vore så heldige å fått selt til denne prisen, så hadde vi ikkje trengt å selje så mange literar, ler han.

Saftig bensinpris hos Esso på Byrkjelo.

Bensinstasjonen lokka onsdag kundar med bensin til over 42 kroner literen.

Foto: Grete Janne Fossheim