Hopp til innhold

Bekymra for partikkelutslepp i Førdefjorden

Naturverforbundet er bekymra for eit partikkelutslepp i Førdefjorden frå Nordic Mining sitt anlegg på Engebø.

Partikkelutsleppet skal vere i nærleiken av eit gytefelt i Redalsvika.

– Utsleppet må stansast omgåande, og Nordic Minings anleggsverksemd må stoppe, seier Anne-Line Thingnes Førsund, leder i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har sendt ut akuttvarsel og meldt saka til politiet.

Kenneth Nakken Angedal i Nordic Mining skriv i ein SMS at eit siltgardin som samlar partiklar frå overflatevatn på anleggsområdet har slite seg ved eine festepunkt til land på grunn av uvêret som har vore. Dette fører til ei spreiing av overflatepartiklar som ikkje har sedimentert innanfor siltgardina.

Angedal seier at deira målingar viser at partikkelspreiinga er i overflata og mest av visuell karakter.