BEDT OM Å FJERNE SEG:

Politiet rykka klokka 18.18 ut til idrettsplassen på Krohnsminde, etter meldingar om at nokon hadde slått opp ein leir ute på plassen. – Me fekk melding om at toalettbesøk vart ordna i nærområdet, seier operasjonsleiar Preben Vallestad. Ein patrulje rykka ut og fant fire bilar registrert i Bulgaria, Tyskland og Norge. Personane har fått påbod om å fjerna seg frå staden i kveld.