Hopp til innhold

Båtfesten i Florø er i gang

Ein armada på over 50 veteranbåtar har fredag segla inn på Florø hamn til det som skal bli ein firedagars båtfest i jublileumsbyen.

Fjordsteam i Florø

FOLKELIV: Torget i Florø torsdag kveld.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Fjordsteam på veg inn Florevika

PÅ REKKJE: Båtane på veg inn til Florø.

Foto: Vegar Erstad / NRK
Publikum på Fjordsteam

Trangt om plassen på kaikanten i Florø torsdag kveld.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Atløys Venner og Veteranskibslaget Stavenes slår på stortromma når dei fram til søndag arrangerer Fjordsteam i 150 årsjubilanten Florø. Det tradisjonsrike veteranbåttreffet har aldri tidlegare vore arrangert i kystbyen.

  • NB. NRK.no legg ut biletserie frå Fjordsteam i løpet av kvelden.

Båtar av alle slag

44 større veteranskip, fleire eldre redningsskøyter, ei mengd forskjellige skøyter og agentbåtar, 12 - 14 veterane brannbilar og 10 - 12 bussar, 150 veteranbilar er alle samla i Florø fram til og med søndag, skriv arrangøren på si nettside.

I tillegg lokkar ein med Bondens Marknad, torghandlarar, konsertar, revy, turar, liv og røre.'

Stavenes

VETERAN: Gamle «Stavenes» er eit symbol langs kysten i Sogn og Fjordane. No båten nesten ferdigrestaurert og igjen sjødyktig.

Foto: Birger Meland / NRK

«Stavenes» er tilbake

For mange vart det eit ekstra spesielt syn då den gamle fjorddamparen «Stavenes» kom inn på hamna i 17-tida fredag ettermiddag.

Båten som for nokre år sidan nærmast var som tapt å rekne, har sågar sokke ved kai under restaureringsarbeidet i Amlabukta i Kaupanger, men ein ihuga dugnadsgjeng har nekta å gi opp det ærverdige fartøyet.

Då båten som enno ikkje er heilt ferdig restuarert og derfor måtte ha slepebåt, la til kai i Florø, stod ein representant frå Posten klar til å gjere ære på skip og mannskap.

Stavenes-post

POSTBÅT FOR EI HELG: «Stavenes» er igjen offisiell postskip.

Foto: Birger Meland / NRK

I dag vart skipet heidra av Posten. Kvalitetssjef i Hordaland og Sogn og fjordane, Arthur Brekke.

Posten med spesiell markering

– «Stavenes» og dei andre båtane som kjem inn her til Florø i dag har hatt postføring med eigne postfolk om bord i mange år. Det ønskjer vi i Posten å markere, seier kvalitetssjef Arthur Brekke i Posten.

Som ei symbolsk handling hadde han med seg ein kontrakt som igjen gjer Stavenes til postskip. Og i ei postveske hadde Brekke med seg og ein «Stavens»-konvolutt med frimerke på.

– Nesten som eit familiemedlem

– Vi har eit spesielt frimerke vi har sett på, og originalstempel frå 1918. Men først må «Stavenes» igjen ha lov til å ha post om bord, så den kontrakten må vi få i stand. Den er mellombels fram til søndag. Men båten får ein ny kontrakt når den er ferdig restaurert, fortel Brekke som avlsutta markeringa ved å heise postflagget.

– For meg, som opphaveleg er frå Hyllestad, er det litt rart å sjå att «Stavenes» her. Den var ein av to båtar som gjekk fast i Hyllestad, og siste skipparen om bord var frå same staden som meg. Båten blir nesten eit familiemedlem, seier ein imponert Arthur Brekke frå Posten..

På veg til Fjordsteam

STRANDHOGG I MÅLØY: Ein konvoi veteranbåtar fotografert i Måløy torsdag, på veg til Florø.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK