Hopp til innhold

Bataljonen hyller Huseklepp

Meiner Huseklepp sender eit viktig signal.

Erik Huseklepp

Erik Huseklepp går ned i løn når han veljer å bli hjå Brann.

Foto: Steinar Apalnes / NRK

Han hadde ei stor stjerne frå før - men etter å ha gått ned i lønn for å forlenga kotrakten med Brann har ikkje akkurat populariteten til lysluggen minka i Bataljonen.

Frode Hellebø fra Brannbataljonen.

Frode Hellebø, leiar i Bataljonen, hyller Huseklepp.

Foto: NRK

– Har du hjarte i klubben, så hjelper du til. I dagens økonomiske situasjon er det veldig viktig det som Huseklepp har gjort. Det står det respekt av, seier Frode Hellebø, leiar i Bataljonen.

LES ÒG: – Kunne ikkje svikte Brann

Han meinar spelaren no sender eit viktig signal ut til andre spelarar i Norge.

Letta supporterar

I Brannbutikken på stadion var det mange som var letta over at stjernespelaren no blir hjå dei raudkledde.

– Dersom han ikkje er med, kan me sei takk og farvel til Brann, seie Thomas Alejandro Samarano.

Det er eg heilt einig i, seier Mats Hope.

Vil ikkje vera egoistisk

– Eg vil ikkje at eg berre skal gå gratis. Hadde eg vore veldig egoistisk, så kunne eg gjort det. Men då hadde eg ikkje hatt det godt med meg sjølv. Difor vart det ikkje slik, sa Erik Huseklepp etter pressekonferansen på stadion i går.

Sjølv ville han ikkje seia noko om innhaldet i kontrakten - men agent Stig Lillejord stadfestar at Huseklepp vil tena mindre enn han har gjort.

Huseklepp syner gangsyn

– Erik har tatt eit lønnskutt, og han har stor forståing for den økonomiske situasjonen i Brann. Og ikkje minst korleis det ser ut i fotball-Norge, seier han.

For ein hardt pressa administrasjon i sportsklubben var namnetrekket til stjernespelaren ei etterlengta gladnyheit. Bjørn Dahl meiner det er ei av dei viktigaste signeringane i hans tid i sportsklubben.

Denne her er topp tre. Og det er og noko tilbake til klubben og byen frå Erik si side. Og når han no veljer å ikkje gå til Bosman, syner han storheit i forhold til klubben som er utruleg positiv for oss. Det vil garantert få positive ringverknader, seier Dahl.