Hopp til innhold

Båt kvelva- åtte personar hamna i vatnet

Naudetatane rykkjer ut til Nordåsvatnet i Bergen etter at ein robåt har gått rundt. Det var åtte personar i 20- åra om bord og dei heng no på båten. Dei skal alle vere svømmedyktige, og det er ikkje meldt om sakna, melder Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 08. 57.

Operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt opplyser klokka 09.30 at alle personane er berga i land og at dei verkar til å vere i god form.

Hendinga skjedde om lag 250 meter frå land ved Steinsvikneset.

Personane hadde ikkje redningsvest eller andre flytemiddel på seg då båten kvelva. Det var ein av dei involverte som melde frå om hendinga til brannvesenet. Han greidde å kome seg opp på båten og varsle medan dei andre flaut i vatnet og heldt seg fast i båten.

Alt av tilgjengelege ressursar rykka ut då meldinga kom. Då hadde personane lege i vatnet i om lag 15 minutt.

Etter ei stund fekk politiet tak i ein robåt i nærleiken av Fana roklubb og rodde ut til dei åtte personane. Etter kvart kom det også fleire båtar til og hjelpte dei åtte i land.

– Dei skal vere kalde, men det heile står fram som udramatisk, seier Mjelde.

Det er uvisst kvifor båten kvelva.