I eit nedlagt gardstun på naturskjønne Radøy er fem vaksne menn på kurs – i baking.
– Eg er eigentleg ein macho mann, seier han eine. Nei det er du ikkje, så berre ta det med ro, svarar han andre.
Det er mykje latter når fem menn er på kurs for å lære seg å bake.
– Nokre av oss er så gamle at vi hugsar dei gamle bakstekjerringane. Dei visste kva dei dreiv med, seier Olav Steinar Namtvedt.
– Gjer dykk det?
– Nei, men vi veit kva vi vil fram til, seier Namtvedt medan han humrar godt.
Bakst på skikkeleg vis
Mjølrøyken står til alle kantar, medan nokon knar deigen og andre rullar rundstykke. Det er krevjande å drive med bakst på skikkeleg vis, men mannfolka meiner det handlar om kva ein tek seg tid til.
– Det du ønskjer å gjere, det har du tid til. Det er snakk om å prioritera, forklarer Namtvedt.
Det er ikkje til kven som helst mannfolka skal servere baksten til, og dei må vere pinleg nøyaktige når det skal bli servert til dei kritiske tunger. Bakespirane skal nemleg vurderast av sine betre halvdelar.
– Nei, dei har ikkje heilt trua på oss og det største problemet er at dei lurer vel på om vi kan gjera andre ting og, som til dømes å laga middag, konkluderer mannfolka.
– Det lukte veldig godt så vi gler oss til å smake. Eg er veldig imponert for eg har aldri sett mannen min baka, men eg håpar det vert forandring no. Så eg gler meg veldig, seier Ingunn Vassdal, ei av dei heldige konene.
Og konklusjonen:
– Det var nydeleg og dei er flinke, seier damene i kor.
– Eg er veldig nøgd med innsatsen og testpanelet var nøgd, så betre kan det ikkje bli, seier kurshaldar Arve Gjellesvik.