Hopp til innhold

BA: Nav Årstad flyttar ut

Ved nyttår flyttar Nav Årstad ut av lokalet på Danmarksplass og inn i nye lokale i Møllendalsveien i Bergen. Det meldte BA tysdag kveld. – Etter det som skjedde på kontoret er det heilt naturleg om dei tilsette har vonde opplevingar knytta til lokala. Å flytte inn i nye lokale vil dermed sikkert vere positivt for mange, seier kommunaldirektør Tommy Johansen til BA. Flyttinga vart bestemt våren 2019, då leigekontrakta går ut ved utgangen av 2021.

Blomar ved Nav Årstad tirsdag
Foto: Leif Rune Løland / NRK