Det er Ringerikes Blad som har vore i kontakt med agenten til eidaren og stadfestar ein mogleg overgang.
– Hønefoss er ein av fleire klubbar vi snakkar med. Meir kan eg ikkje seie, seier agent Jack Karadas til avisa.
31-åringen frå Nordfjordeid har spelt for den tyrkiske klubben Kasimpasa sidan 2009, men vart i sommar fristilt frå kontrakten. Etter at han kom tilbake til Norge har Karadas spelt saman med Brann, der han spelte før han reiste til Tyrkia.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
På spørsmål frå Ringerikes blad om kor nær dei er ei avgjerd om kor Karadas skal spele framover svarar agent Jack Karadas slik.
– Dette er ein prosess, og det vil ta tid.
Hønefoss-trenar Leif Gunnar Smerud vil overfor avisa ikkje kommentere noko rundt verken Azar Karadas eller andre eventuelt nye spelarar.
I samband med at Erik Huseklepp
, sa Rolf-Magne Walstad, som er klubbens sportslege administrative ansvarlege, dette om ein eventuell signering av Karadas hos dei.– Vi veit at Azar har avslutta sin avtale i Tyrkia og har forstått at han er på klubbjakt. Det ville vere dumt å utelukke det, men vi har i utgangspunktet ikkje tenkt på framtida når det gjeld han. Tida vil vise kva som skjer.