Hopp til innhold

Avvist av lege - fekk hjartestans

Legen sa nei til at ambulansepersonellet skulle ta med alvorleg hjartesjuke Magnar Smørdal på sjukehus. Like etterpå fall han om med hjartestans.

Magnar Smørdal

TRUR HAN HADDE VORE DØD: Magnar Smørdal trygla og bad om å få komme til sjukehus.

Foto: Bård Siem / NRK

Eg sa det til dei at dei ikkje måtte gå ifrå meg her åleine.

Magnar Smørdal, hjartepasient

– Hadde eg falle om 10–15 sekund seinare, så hadde eg vore åleine. Det er ikkje noko hyggjeleg tanke. Eg er ikkje så gammal, og vil gjerne leve nokre år til så eg få følgt opp barneborna mine, seier Smørdal til NRK.no.

62-åringen frå Nordfjordeid vart gjenoppliva og saka er no til behandling hos fylkeslegen.

– Rein flaks hindra at eg ikkje vart liggjande igjen og døy, seier han.

Var hos lege dagen før

Det var tidleg om morgonen den 9. oktober i fjor at Magnar Smørdal frå vakna med sterke smerter i brystet.

Dagen før hadde han vore hos legen med brystsmerter, men legen trudde smertene stamma frå magen, og han vart vist vidare til mageundersøking. Morgonen etter var derimot smertene så sterke at Smørdal forstod at noko var skikkeleg gale.

– Dei spurde meg om kva smerter eg hadde på ein skala frå ein til 10. Då svara eg ni. Eg hadde veldig sterke sviande, brennande smerter i brystet.

Smørdal ringde Eid legevakt og ambulanse var raskt på plass. Smørdal fortalde at han hadde det forferdeleg med sterke smerter i brystet og ville bli teken med til sjukehuset.

Legen bad ambulansepersonellet om å gå

Det er ei kjensgjerning at hadde han falt om eit halvt minutt seinare, så hadde han truleg ikkje lenger vore i live.

Lisa Førde Refsnes, pasientombod i Sogn og Fjordane

Ambulansepersonellet tok kontakt med vakthavande lege på legevakta i Eid som på si side slo fast at Smørdal sjølv kunne ta kontakt med fastlegen sin etter klokka 9 på morgonen, dersom han framleis hadde symptom.

– Eg sa det til dei at dei ikkje måtte gå ifrå meg her åleine. Eg frykta det kunne vere ein blodpropp og tenkte på ein kompis av meg som no er død etter blodpropp og sat i rullestol i fleire år. Så eg frykta litt det same. Men legen ville ikkje legge meg inn, fortel 62-åringen.

Også AMK-sentralen i Helse Førde var involvert, og var i kontakt med legen som undersøkte Smørdal dagen før. Dei spurde om ambulansepersonellet skulle ta Smørdal med til legevakta i og med at dei likevel var på bupælen hans. Men også denne legen sa nei til at Smørdal skulle takast med. Smørdal reagerte sterkt på dette, men kunne ingenting gjere.

Fall om med hjartestans då dei var i døra

– I det eg reiste meg opp for å seie ha det, så stupte eg med full hjartestans, fortel nordfjordingen.

Ambulansepersonellet snudde i døra, og klarte å gjenopplive Smørdal.

– Etter det eg har høyrt, så vakna eg etter åtte minutt. Då var både lege og anna helsepersonell her. Ei stund etter fekk eg vite at eg hadde hatt eit hjarteinfarkt på veg opp til sjukehuset.

Både ambulansepersonell og to legar var involverte i Smørdal sine alvorlege hjarteproblem, men ingen av dei ønskjer å kommentere saka overfor NRK så lenge ho er under behandling hos fylkeslegen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Magnar Smørdal

VAR BORTE I ÅTTE MINUTT: I det ambulansepersonellet – etter ordre frå vakthavande kommunelege – var på veg ut døra, fall Magnar Smørdal om med hjarteinfarkt.

Foto: Bård Siem / NRK

Motstrider lydlogg, men vedgår feilvurdering

I sine svarbrev til Fylkeslegen kjem dei derimot med sine syn på saka. I motstrid til det kjem fram i lydloggen, hevdar den eine legen at ho forsikra seg om at ambulansepersonellet fekk beskjed om å køyre Smørdal slik at han fekk medisinsk hjelp.

Svaret frå legen forargar Smørdal.

– Med det vi høyrer på lydloggen, så er det blank løgn. Vi høyrer jo på lydloggen at legen gir beskjed om at han får berre ta sin eigen bil og køyre ned på legekontoret, seier han til NRK.no.

Legen som undersøkte Smørdal dagen før og som trudde brystsmertene skuldast mageproblem, tek på si side sjølvkritikk. I brevet til Fylkeslegen innrømmer legen at han på eit tidlegare tidspunkt burde ha mistenkt at Smørdal sine smerter skuldast hjartet.

Spesielt etter at legen vart kontakta igjen om morgonen, like før Smørdal fekk hjartestans, innser legen at Smørdal burde vore teken med til sjukehus.

– Eg blei litt dårleg tysdag 8. oktober og var til lege med smerter i brystet. Eg har hatt litt av desse symptoma før, så vi fann ut at det kunne komme frå magen, minnast 62-åringen frå besøket hos legen.

Ambulansepersonellet hadde ei dårleg kjensle

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde ynskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK, men i eit brev til fylkeslegen skriv han at saka har vore handtert på ein god måte. Samtidig ser han forbetringspunkt.

Stian Sægrov

SER FORBETRINGSPOTENSIAL: Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde meiner dei handla rett, men vedgår at ambulansepersonellet si uro for pasienten kunne ha vore gjort endå tydlegare overfor den avvisande legen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sægrov viser til at ambulansepersonellet hadde ei dårleg kjensle av å skulle forlate Smørdal, og at dette burde kome tydlegare fram i samtalane med legane. Ved hjelp av lydloggen viser han også til at ambulansepersonellet og den eine legen snakkar forbi kvarandre når dei prøvar å forklare at Smørdal har sterke smerter.

Fylkeslege Per Stensland ønskjer ikkje å kommentere saka.

Smørdal meiner fleire av dei involverte partane kunne handtert saka betre, men stiller seg mest kritisk til legen som sa nei til å ta han med til sjukehus.

– Eg synest vakthavande lege gjorde ein veldig slett jobb. Det kunne fått ein fatal ende.

Pasientombodet er skaka

Lisa Førde Refsnes

– HADDE IKKJE VORE I LIVE: Pasientombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, meiner legen som avviste Magnar Smørdal sitt ønske om sjukehusinnlegging gjorde ei feilvurdering.

Foto: Bård Siem / NRK

Pasientombod Lisa Førde Refsnes er tindrande klar på at Smørdal skulle vore teken med til sjukehuset.

– Vi meiner det vart gjort ei feilvurdering når ein valde å ikkje ta med pasienten i ambulansen inn til vidare undersøking.

– Kor alvorleg er denne svikten, slik du ser det?

– Det er ei kjensgjerning at hadde han falt om eit halvt minutt seinare, så hadde han truleg ikkje lenger vore i live. Då hadde det ikkje vore nokon der til å redde han. Det er ein veldig spesiell situasjon at pasienten ber om å bli tatt med, men han blir ikkje tatt med, og i det ein går ut av døra fell han om av hjartestans, seier Førde Refsnes.

Sjølv har Magnar Smørdal brukt mykje tid på å reflektere over at det berre sekund om å gjere at det ikkje gjekk skikkeleg gale den dramatiske morgonen i oktober i fjor.

– Då hadde folk funne meg livlaus her utpå dagen når dei hadde byrja å sakne meg. Det er ikkje noko kjekk tanke.