Hopp til innhold

Avsluttar søk etter sakna i Sogn

Politiet har i ettermiddag trappa ned og avslutta søket etter ein sakna mann i Sognefjorden.

Leiteaksjon etter ein sakna mann i Sognefjorden.

AVSLUTTAR: Politiet har avslutta søket etter ein sakna mann i 20-åra.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mannen sine pårørande vart torsdag varsla om at søket ikkje blir tatt opp att utan nye opplysningar i saka.

– Søket etter ein truleg omkomen person i Sognefjorden er avslutta. Vi har i går og i dag søkt over eit stort område utan funn, og slik det er no så ser ikkje vi noko grunnlag for å søkje meir, stadfestar operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Gjorde finsøk

Søket starta etter at mannen vart meldt sakna onsdag ettermiddag, og heldt fram torsdag med tilsaman fire båtar. To båtar på nordsida av fjorden frå Klevold til Vadheimsfjorden og til Kvamsøy.

Vidare vart det søkt med to båtar på strekninga frå Søreide til Vik.

– Skjærgårdsjeepar har gjort finsøk mellom Sæle og Målsnes på nordsida og mellom Geithus og Hustavnes på sørsida, seier Harlem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leiteaksjon etter sakna mann i Sognefjorden.

FRÅ BÅT: Fire båtar har onsdag og torsdag medverka i søket på Sognefjorden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sikta for rus

Mannen skal ha ramla i sjøen tysdag kveld, men vart først meld sakna då føraren av båten, også han ein mann i 20-åra, kom til Vik onsdag ettermiddag.

Vedkommande var i avhøyr store delar av onsdagen, men var så rusa at han ikkje kunne kaste lys over kva som skjedde. Han er no sikta for ruspåverka køyring med båt. Etter ei natt på glattcelle var mannen igjennom nye avhøyr torsdag.

– Den sikta vart dimitert klokka 18.30. Vi kan ikkje gå inn på kva han har forklara, seier Harlem.

Leitar etter sakna mann i Sognefjorden.

FINSØK: Småbåtar har i ettermiddag gjort finsøk både på nordsida og sørsida av Sognefjorden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK